Motorsykkel mot traktor: Ein person til sjukehus

Ein motorsyklist vart skadd etter eit trafikkuhell mellom traktor og motorsykkel på Bore i Klepp.

DEL

Politiet fekk melding om ulukka 13.18 laurdag.

Ulukka skal ha skjedd i samband med ei forbikøyring.

Politiet opplyser om at motorsyklisten vart frakta til Stavanger universitetssjukehus.


Artikkeltags