Motorsyklist køyrde inn i gjerde i Hå

DEL

Klokka 10.30 på grunnlovsdagen fekk politiet melding ei trafikkulukke i Hå.

Ein motorsyklist køyrde inn i eit gjerde i Kyrkjevegen på Varhaug. Meldinga gjekk på lettare personskade.

Naudetatane tok seg til staden. Det vart ikkje meldt om trafikale utfordringar.

Klokka 11.20 melde politiet at den mannlege føraren, som er i slutten av 40-åra, vart tatt til legevakta med ambulanse for ein sjekk.

Politiet gjorde avhøyr med vitne.

Artikkeltags