Lokale heltar hyllar Voll IL med «årets sommarhit»

    Verdalskameratene har inntatt Spotify.

    DEL

    I år er det 50 år sidan Voll Idrettslag vart stifta. Tore Kåstad, Arne Andersen og Terje Kulleseid meinte ein song måtte til for å hylla jubilanten, og under opningskampen på Nye Voll Stadion i mai fekk folk høyra «Vollsangen» for aller første gong.

    Under den offisielle 50-årsfesten i juni vart musikkvideoen lansert, og nå er også songen å finna på Spotify.

    – Songarane og musikarane er lokale heltar som me har fått med oss på laget. Nokre spelar i nasjonale, store band og nokre spelar i lokale, store band. Variert og god bakgrunn, fortel Arne Andersen, også kjend som trommisen til Tønes.

    Verdalskameratene er det offisielle namnet på gjengen bak songen. Håvard Hana i Chaperone Film har produsert musikkvideoen, medan ein heil haug med folk var involverte i innspelinga av songen – mellom anna Tore Kåstad.

    – Men kva gjorde eigentleg du i studio? Det er jo ikkje deg me høyrer synga, er det vel?

    – Nei, men eg måtte passa på at vokalisten ikkje song for «byasaktig», forklarer lokalpatriot og Voll-speaker Kåstad.

    – Eg sa at han måtte legga litt meir trykk på æ-ane ...

    – Blir dette årets sommarhit i Noreg i 2019?

    – Ja visst gjer det det! Viss Mads Hansen kan, så kan me òg, seier Kåstad.

    Artikkeltags