Fylkeskommunen skal etter nyttår ha det daglege ansvaret med planlegging, bygging, drift og vedlikehald av fylkesvegane. Dette skjer som følgje av regionreforma. Til nå har Statens vegvesen gjort dette på oppdrag frå fylkeskommunen som vegeigar.

Fylkeskommunane og Statens vegvesen har sidan 2010 samarbeidd om fylkesvegane i Noreg gjennom ein avtale kalla «Sams vegadministrasjon».

– Statens vegvesen skal ennå yte tenester til fylkeskommunen i arbeidet med beredskap og overvaking av vegane gjennom vegtrafikksentralane. Det vil også vere noko samarbeid om driftskontraktar for brøyting og strøing av veg, seier Eivind Stangeland avdelingsdirektør i Statens vegvesen.

Statens vegvesen skal framleis ha ansvar for riks- og europavegnettet, men den regionale inndelinga av Vegvesenet opphøyrer, og blir organisert i divisjonar.

Rogaland fylkeskommune har det siste året arbeidd med å byggje opp eit solid fagmiljø som skal arbeide med fylkesvegane. Det blir ein hektisk periode fram mot årsskiftet for å sikre at alt kjem på plass til 1. januar. Både Rogaland fylkeskommune og Statens vegvesen har som mål å sikre at overføringa av fylkesvegoppgåvene og tilsette skjer slik at det ikkje blir merkbart for trafikantane.

– Vi vil halde fram med å utvikle og drifte fylkesvegane på best mogleg måte, seier samferdselssjef Gottfried Heinzerling i Rogaland fylkeskommune.