Nå har alle fått skattemeldinga: Flest i Klepp som må betala restskatt

Skatteetaten har no sendt skattemeldinga til 4,9 millionar personar. – Husk å sjekke at opplysningane stemmer og fyll ut det som manglar, slik at du betalar rett skatt, oppfordrar divisjonsdirektør i Skatteetaten, Marta Johanne Gjengedal.

DEL

Skattemeldinga inneheld ei førebels skatteberekning. I Rogaland har 243 000 personar fått foreløpig skatt til gode på i gjennomsnitt 12.500 kroner, mens 75.000 har fått ein foreløpig restskatt på 25.700 kroner i gjennomsnitt.

Mellom 18. og 31. mars har dei fleste lønnstakarar og pensjonistar fått ei heilt ny digital og enklare skattemelding. Næringsdrivande og dei som får skattemeldinga på papir får ho i kjent format.

Skattemeldinga er førehandsutfylt med mange opplysningar om inntekt, formue, bustad, gjeld og frådrag. Men det er framleis opplysningar du sjølv må fylle inn i skattemeldinga, for eksempel ekstra inntekter eller verdiar i andre land.

Det er først når du får skatteoppgjeret at du får endeleg berekning av skatten.

– Hugs å sjekka at opplysningane stemmer og fyll ut det som manglar, slik at du betalar rett skatt, oppfordrar divisjonsdirektør i Skatteetaten, Marta Johanne Gjengedal i ei pressemelding.

Tala på Jæren

Slik er fordelinga mellom dei som har pengar til gode, og dei som må betala restskatt:

I Time er det sendt ut 15.471 skattemeldingar. Her ligg 9.318 an til å få 108,2 millionar millionar att – på deling, naturlegvis. I snitt blir det 11.612 kroner til kvar.

På andre sida: 2.877 ligg an til å måtta betala 62,9 millionar i restskatt – også det på deling. I snitt må dei betala 21.804 kroner.

I er det sendt ut 15.939 skattemeldingar. Her ligg 9.387 an til å få 106,6 millionar att. I snitt: 11.351 kroner:

På andre sida: 2.741 ligg an til å måtta betala 56,4 millionar meir. I snitt: 20.585 kroner.

I Klepp er det sendt ut 16.409 skattemeldingar. Her ligg 9.752 an til å få 113,2 millionar att. I snitt: 11.608 kroner.

På andre sida: 3.060 ligg an til å måtta betala 64,8 millionar meir. I snitt: 21.163 kroner.

Leveringsfrist

Frist for innlevering av skattemeldinga er 30. april for lønnstakarar og pensjonistar. Næringsdrivande må levere skattemeldinga elektronisk, og har frist 31. mai. Viss du treng meir tid, kan utsetja fristen med 1 månad ved å søkja på skatteetaten.no.

Tidlegare har skatteoppgjeret kome mellom slutten av juni og oktober. Det nye systemet gjer det mogleg å få utbetalt skatt til gode tidlegare, men det er likevel nokre vilkår.

8 av 10 lønnstakarar og pensjonistar ligg an til å få skatt til gode ifølge den foreløpige skatteberekninga.

– Har du skatt til gode og leverer den nye skattemeldinga på skatteetaten.no, kan du få skatteoppgjeret og pengane på konto innan eit par veker etter at du har levert, seier divisjonsdirektør Marta Johanne Gjengedal i ei pressemelding.

Artikkeltags