Gå til sidens hovedinnhold

Nå kan dei første timebuane bestilla vaksine

Time kommune opnar nettsidene for bestilling av vaksine.

Er du fødd før 1949 og busett i Time, kan du nå gå inn bestilla tid for vaksine.

For å bestilla, må du må logga deg inn med BankID. Får du det ikkje til, ber kommunen deg om å ta kontakt på telefon (51 77 62 70).

Du får tekstmelding med stadfesting av bestilling, tidspunkt og stad.

Time for andre dose får du ved første vaksinering. Det vil i utgangspunktet vera same tidspunkt som første gong, seks veker fram i tid.

Les også

Her øver kommunen på massevaksinering

Les også

Hå åpner for bestilling av vaksiner på nett

Resten må venta på tur

Folk før som er fødde før 1949, får sett vaksinen 7. eller 8 april.

Dei som er fødde etter 1949, må venta på tur.

Kommunen sender ei tekstmelding når det er din tur til å bestilla tid for vaksinering. Det er somme kommunen ikkje har telefonnummeret til, derfor vil det også bli lagt ut informasjon på nettsida og Facebook-sida til kommunen.

– Det er gratis å ta vaksinen. Me vil aldri spør om informasjon eller betaling, blir det presisert.

Vil du ikkje ta koronavaksine, ber kommunen om at du registrerer dette på nettsida for timebestilling.

Les også

Ja, det vaksineres fremdeles: Dette er status på Jæren

På vaksinasjonsdagen

Kommunen har følgjande instruks til dei som skal vaksinera seg:

  • Møt på vaksinestaden 5 minutt før avtalt tid.
  • Ha på klede som gjer det lett å sette vaksine i overarmen.
  • Du må ha på munnbind når du kjem til vaksinering.
  • Tenk på om du må bruka bil når du skal vaksinera deg. Kjem du i bil, følg anvisningane frå parkeringsvaktene.
  • Etter at du har fått vaksinen, må du venta i 20 minutt før du kan gå.
  • Ikkje kom til vaksinering om du er sjuk, men gje beskjed på telefon.