Dagleg leiar i friluftsrådet, Øystein Dahle, seier at campingturismen forhindrar parkering for folk flest.

– Spesielt bubilar og bubilgrupper, som parkerer og lagar seg til med campingstol og grill, og overnattar med god avstand til kvarandre. Det er ikkje området lagt til rette for. Her skal det vera plass til dei som vil gå tur i området.

Problemet skal vera særleg stort laurdag og sundag. Då kan store delar av parkeringa vera opptatt av bubilar, seier Dahle.

– Viss ein ønsker å vera på ein campingplass, må ein finna det, og ikkje bruka parkeringsplassane som er tenkte til friluftsliv, oppfordrar han.

Har sett i gang prosess

Time kommune er blitt kontakta av Jæren friluftsråd, som driftar parkeringsplassane.

Bruken av parkeringsplassane er ikkje ønskeleg, samtykker Time kommune i eit brev.

Kommunen har bede Statens vegvesen om å senda ein skiltplan på høyring til politiet.

Planen er at fire skilt skal visa at det er forbode å bruka parkeringsplassane til overnatting alle dagar.

Parkeringsplassane som skal skiltast, er dei to største, som ligg nærmast Ålgård. Begge har toalett.

Øystein Dahle seier at prosessen som er sett i gang, truleg ikkje er ferdig før til hausten.

Time har laga campingplass på rådhuset til dei som treng ein plass å stå: