Jærbladet har tidlegare skrive i artikkelserien «Det lovtomme rommet» om eit bustadområde på Bryne som i fleire år har vore plaga av innbrot og tjuveri. Problema har knytte til eit bufellesskap for personar som har samtidige rus- og psykiatrilidingar.

72 naboar har skive under på eit opprop der dei krev at Time kommune flyttar personar frå området.

Samstundes er Time kommune i full gong med planlegginga av nye rusbustader, ein annan stad på Bryne.

Det er behov for fleire kommunale bustader for personar med omfattande psykisk helse- og rusutfordringar.

I Bustadplanen 2020–2040 står det at det skal byggjast robuste små bustader for denne gruppa. Bustadene skal både liggja sentrumsnært og utanfor eit ordinært bustadområde. Dei robuste bustadene er enkle og bygde på ein spesiell måte som er trygge og lette å halda reint.

Kjøpt tomt

Time kommune har kjøpt ei tomt på Re utanfor Bryne, som ein held på å leggja til rette. Det har kosta 5,2 millionar kroner.

Time kommune har tidlegare informert om at bebuarane som etter planen skal flytta inn i dei nye bustadene skil seg frå dei tyngre bebuarane ved bufellesskapet Jærbladet har skrive om. Ved dette bufellesskapet er fleire avhengige av døgnbemanning.

I 2022 er det sett av 3,6 millionar til å byggja dei første tre av fem planlagde bustader. Naboane er ikkje begeistra og har oppretta eit vellag som har engasjert seg i saka.

– Vår agenda er å trygga naboane og ha eit godt samarbeid med kommunen, seier leiar av Reefeltets vel Gunn Kristin Sperrevik.

16. september var det eit folkemøte om saka i Storstova. Sperrevik fortel at vellaget har hatt eitt møte med kommunen etter dette.

– Då tok me vidare bekymringa som naboar her på Reefeltet har, legg ho til.

Sperrevik fortel at ho har snakka med mange som er redde.

– Frykta er at Reefeltet skal bli eit belasta område, seier ho.

Informerer

Prosjektleiar Khalid Kalifa i Time kommune seier til Jærbladet at dei forstår bekymringa til naboane.

– Me har kontakt med vellaget som er oppretta i samband med denne saka, og me skal gje dei meir avklaring rundt prosjektet. Me prøver å gje så god informasjon som mogleg, seier Kalifa, som legg til at det er tenesteområdet for helse og omsorg som held dialogen med vellaget.

Kalifa fortel at saka skal opp til førstegongsbehandling på nyåret.

– Me jobbar med saka, og me veit ikkje ennå kor tid ho er ferdig til å bli lagt fram for politikarane. Truleg blir det i januar eller februar, seier prosjektleiaren.

Bygginga vil uansett ikkje starta før i 2023.

– Me startar med dei første tre bustadene. Dei to siste kan koma i 2024, seier Kalifa.

Allereie bestemt

Ordførar Andreas Vollsund er informert om bustadene som er planlagde på Re.

– Det er allereie bestemt i buplanen at me vil ha slike bustader. Dei er også tatt inn i økonomiplanen, opplyser Vollsund og legg til at han ikkje opplever at det er ein diskusjon rundt desse bustadene i det heile.

– Eg opplever eigentleg at me står samla politisk om at det er viktig med gode tenester til denne gruppa og samtidig trygge nærmiljø, seier han, og legg til at kommunen alltid tek i mot konstruktive innspel.

– Det er viktig med dialog, og at me kan finna løysingar i lag, seier han.