Jærbladet har i den siste tida hatt fleire reportasjar som handlar om personar som er for friske til å dømmast til tvungen psykisk helsevern og for sjuke til å straffast.
På Bryne fortel eit vellag om høg belastning etter at eit bufellesskap innan rus og psykiatri vart etablert i området. Vellagsleiar Bjørn Vikås fortel at mange er redd og at situasjonen er uhaldbar.
Nå vil politikarar i Time kommune ha meir informasjon.
Det lovtomme rommet
Denne artikkelen er ein del av ein større nyheitsdokumentar kor Jærbladet ser på problemstillinga med lovbrytarar som ikkje kan straffast. Dei er for sjuke til å kunne bli dømt til fengsel.
Kvart år legg politiet i Noreg vekk tusenvis av saker fordi gjerningspersonen ikkje er tilrekneleg. Jærbladet har avdekka at det på Jæren er blitt lagt vekk 190 lovbrot på dette grunnlaget bare i løpet av dei to siste åra.
Ei ny lov frå 2016 skulle gjera det enklare å dømma desse lovbrytarane til tvungent psykisk helsevern. Likevel har talet på saker som blir henlagt på dette grunnlaget, bare økt.
Ingen av sakene som er blitt etterforska ved Jæren lensmannskontor, har endt med dom på tvungent psykisk helsevern etter den nye lova.
I denne dokumentaren ser me på kvifor det er slik, og korleis vanlege folk blir råka av lovbrota.
Kven er personane som ikkje kan straffast? Og kva kan samfunnet gjera?
Prosjektet er gjort i samarbeid med Senter for undersøkende journalistikk (SUJO) ved Universitetet i Bergen.
Her kan du lesa alle sakene som hittil er publisert i serien Det lovtomme rommet.
– Systemet er ikkje godt nok
Ordførar Andreas Vollsund meiner kommunen har utfordringar det er utfordrande å løysa aleine.
– Eg håpar denne problemstillinga blir løfta heilt opp på nasjonalt nivå. Kommunen får utfordringar fordi me ikkje har eit system i Norge som ikkje klarer å trygga både desse som i dag fell mellom to stolar og nærmiljøet godt nok, seier Vollsund og legg til at Time kommune har ein tett dialog med politiet om situasjonen i dette nabolaget.
– Eg både oppfordrar og håpar at alle som opplever utrygge situasjonar og lovbrot melder ifrå om dette, både til politiet og til kommunen. Me skal ta innspel frå naboar seriøst. Kommunen har allereie gjort fleire tiltak, som til dømes å leiga inn eit vektarfirma som patruljerer i området, men me må kanskje sjå på om me kan gjera meir. Me har plikt til å gi gode helsetilbod og laga gode bumiljø, seier ordføraren.
– Kva tykkjer du om dei utfordringane vellaget og nabolaget fortel om?
– Det skal ikkje vera sånn. Men dette er ikkje politikk. Det handlar om menneskesyn og eit system som ikkje fungerer optimalt. Me bør alltid ha system som fangar opp og tryggar dei som treng det. Det har me ikkje i dag og kommunen kan ikkje aleine gjera noko med det, seier Vollsund og legg til at dette er ei vrien sak å ta tak i som politikar.
– Bemanninga ved dette bufellesskapet gjer ein kjempejobb. Det er eit veldig flott tilbod for ei sårbar gruppe. Samtidig skal me lytta og ta innspel frå naboar seriøst. Me lovar å jobba med dette, seier Vollsund.
– Me må gå meir inn i denne saka
Jone Edland (Ap) tykkjer situasjonen som blir meldt om frå nabolaget til bufellesskapet er bekymringsfull.
– Eg meiner me politikarar bør gå endå meir inn i denne saka saman med administrasjonen. Eg ønskjer ikkje at innbyggjarane skal vera utrygge. Me må sjå kva me kan gjera framover, seier Edland.
Før kommunevalet i 2019 hadde vellaget i dette området ei orientering for alle politikarane.
– Me set pris på å bli informerte og viss det framleis ikkje har blitt betre, må me setja problemstillinga på agendaen, seier Ap-politikaren og legg til at han vil spørja om å få ei orientering om situasjonen.
– Eg ønskjer at me får belyst situasjonen mest mogleg. Er det noko me kan gjera, må me gjera det, seier Edland.
Kommunestyret får ei orientering
Unni Sirevåg Lende (KrF) er leiar for levekårsutvalet i Time kommune. Ho har sjølv teke initiativ til å læra meir om bufellesskapet på Bryne og har allereie vore på besøk saman med nestleiar i utvalet, Ranveig Undheim (Sp).
– Eg er imponert over den viktige jobben som blir gjort og ikkje minst kor respektfullt det blir gjort. Bufellesskapet gir eit tilbod om hjelp, samtidig som dei tilsette respekterer at dette er bebuarane sin private heim. Her er det dyktige folk, der mange har vore med sidan starten. Bufellesskapet har døgnbemanning, eit viktig fokus på kosthald og eit godt samarbeid med Jæren distriktspsykiatriske sjukehus. Andre kommunar ser faktisk til Time for å læra av dette, seier Sirevåg Lende.
Ho er oppteken av at kommunen har eit ansvar for at alle har ein verdig plass å bu.
– Desse kunne vore min og din familie. Det kan skje alle. Korleis vil me at fellesskapet skal stilla opp når livet er sårbart og me møter utfordringar, seier utvalsleiaren.
Ho er kjent med utfordringane som blir meldt om frå vellaget.
– Eg forstår godt at folk blir urolege. Det er behov for å sjå nærare på dette. Korleis kan me både trygga og respektera dei det gjeld og laga eit vern for fellesskapet. Dette er ingen enkel jobb, men me må få det til. Me er alle del av eitt fellesskap og må sørgja for at alle har eit godt liv, seier KrF-politikaren.
Ho meiner det er viktig at heile kommunestyret får meir informasjon om dette bufellesskapet og har kome Jonas Edland i forkjøpet.
– Eg har allereie tatt kontakt med ordføraren og det vil bli ei orientering i forkant av kommunestyremøtet 15. februar. Kommunestyret kan også stilla spørsmål, seier Sirevåg Lende.

Nabolag på Bryne har i fleire år vore plaga med innbrot og tjuveri: – Det er frykteleg
