– Mange er redde. Det er ein uhaldbar situasjon, seier vellagsleiar Bjørn Vikås.

I 2014 opna eit bufellesskap for personar som slit med samtidig rus- og psykiatriproblematikk, såkalla ROP-pasientar, ved det aktuelle bustadområdet på Bryne.

Etter dette har meldingane frå nabolaget om ulike former for kriminalitet, skote i vêret.

Føler seg utrygge

Jærbladet har snakka med mange av dei som bur i nabolaget rundt bufellesskapet. Historier som skildrar skremmande opplevingar, innbrot, innbrotsforsøk og tjuveri går igjen. Det same gjer openlys omsetting av narkotika.

Eit ungt par opplever at det går nokon og tek i dørene til huset deira.

– Det skjer til alle døgnets tider. Me har ikkje hatt innbrot, men veit at tidlegare eigar opplevde å få besøk heilt inn på soverommet når dei var heime, seier mannen og legg til at dei låser dørene og har to hundar som seier ifrå.

Paret har budd der i rundt to år.

Jærbladet kjenner identiteten og adressa til alle personane som er anonymiserte i artikkelen. Dei ønskjer ikkje å stå fram med namn.

– Ei byrde å bu her

I slutten av august vart det så skremmande at kvinna låste seg inne på eit rom saman med barnet sitt og ringde til politiet. Då stod det nokon og reiv i den låste ytterdøra.

– Det er ein byrde å bu her. Det dreg ned ein elles veldig fin plass. Me kan ikkje gå ifrå verken bil eller hus ulåst, heller ikkje når me er heime, seier mannen.

Nå vurderer paret å flytta.

– Me høyrer også at andre i nabolaget er skremte av personar som luskar rundt husa deira og om innbrot der saka har blitt lagt bort av politiet. Me visste at dette bufellesskapet var der då me flytta hit, men kjende ikkje til utfordringane. Me føler oss makteslause, seier han.

Vellag med klar agenda

Vellagsleiar Bjørn Vikås har saman med resten av vellagsstyret engasjert seg sterkt i det dei opplever som ein uhaldbar situasjon. Vikås har sjølv hatt både innbrot og innbrotsforsøk.

Vellaget har kartlagt nokre av dei uønskte hendingane i nabolaget. I ei oversikt sendt til Time kommune, blir det vist til 39 konkrete episodar i 2019 og 2020. Vellaget nemner innbrot, innbrotsforsøk, tjuveri av syklar, hærverk, urinering, uønskte besøk på eigedommen, posttjuveri og brannstifting.

Problema har ført til at minst 20 av dei 50 husstandane har investert i anten alarm, overvakingskamera eller begge deler.

Vikås understrekar at det er eit fåtal av dei som bur i bufellesskapet som skapar problem. Men at det også er ei utfordring med folk som kjem på besøk til området, noko som igjen kan føra med seg uønskte hendingar.

– Vår agenda er heilt klar. Me ønskjer at kommunen skal fjerna dei notorisk kriminelle frå vårt nabolag. Det er ikkje sjølve bufellesskapet me er i mot, seier Vikås.

Jærbladet har innhenta tal som viser at det i perioden frå 1. januar 2019 til 31. desember 2020 vart lagt bort 190 saker i Time, Klepp og Hå på grunn av at gjerningspersonen var utilrekneleg. Sjølv om det er kjent gjerningsperson i fleire av tilfella, er det likevel lite politiet kan gjera, då vedkomande ikkje kan straffast for ugjerningane sine.

Politiet kan ikkje opplysa om kor mange av desse 190 tilfella som kan knytast til dette nabolaget.

Krav

Utfordringane som nabolaget opplever har vore gjenstand for fleire møte mellom vellaget, Time kommune og politiet.

Før kommunevalet i 2019 var også styret i vellaget innom alle dei politiske partia for å fortelja om situasjonen.

– Men ingenting har blitt betre, seier vellagsleiaren.

I eit opprop signert av 72 personar krev bebuarane at «notoriske kriminelle» må vekk frå bustadområdet.

Lista med krav og underskrifter vart overlevert under eit møte mellom vellaget, Time kommune og politiet 19. februar i år.

Makteslaus

I kjølvatnet av oppropet vart det 30. april i år halde eit nytt møte på Time rådhus der representantar frå vellaget, Time kommune og politiet deltok. Til stades denne gongen var også kommuneoverlege Øystein Fjetland Øgaard.

Agendaen for møtet var nettopp oppropet og kravet frå vellaget.

På møtet vart det understreka frå kommunen si side at det ikkje er aktuelt med ei slik flytting. Virksomhetsleiar i Time kommune, Bjarte Sælevik, sa derimot at kommunen iblant kjenner seg makteslaus, og at det er lovverket som må utfordrast. Det kjem fram av møtereferatet som Jærbladet har fått innsyn ifrå Time kommune.

Les intervju med Bjarte Sælevik i eiga sak.

– Forstår at enkelte episodar er skremmande

I referatet blir det også utdjupa kvifor bebuarar ved bufellesskapet ikkje kan flyttast:

Omsorgsboligene er blitt bygget til denne brukergruppen for å kunne ivareta dem på best mulig måte. Hvem som skal bo her, er nøye kartlagt. Det er bygget opp god kompetanse blant de ansatte ved bofellesskapet.

Per i dag har ikke kommunen egnede boliger der de kan flytte beboerne til. Kommunen har brukt mange år på å finne egnede tomter som ikke ligger midt i sentrumskjernen. Dette er ikke noe quick fix.

Konklusjonen frå møtet vart at Time kommune skal ha eit endå tettare samarbeid med Jæren distriktspsykiatriske senter (JDPS) og politiet – med faste møte.

På spørsmål frå Jærbladet om kva kommunen har fått ut av dette tettare samarbeidet, svarar Sælevik at kommunen har intensivert samarbeidet med tettare møte og oppfølging rundt enkeltbrukarar.

– Har kommunen fulgt opp oppropet frå vellaget?

– Oppropet er fulgt opp med tiltak rundt bebuarane og drift av bustadene, samarbeid med Jæren DPS og politi, samarbeidsmøte med vellaget og oppfølging med tilsette i bustadene, svarar Sælevik.

Vektarselskap patruljerer

Frå tidlegare har Time kommune hyrt inn eit vektarselskap som jamleg patruljerer området.

Ådne Mauritzen er kommunikasjonsdirektør i Avarn Security. Han kan ikkje seia noko konkret om oppdraga knytt til dette bustadområdet, men seier på generelt grunnlag at selskapet har mange oppdrag for både bufellesskap, sameiger, burettslag og kommunar.

– Me blir kontakta når oppdragsgjevar ønskjer at nokon skal halda eit ekstra auge med området, anten sporadisk eller jamleg. Oppdraga handlar 100 prosent om å skapa tryggleik for dei som bur i området. Me ser at det kan ha førebyggjande effekt at me er til stades, seier Mauritzen.

Skremmande oppleving

– Mor, han er her. Eg er redd.

Beth bur også i nabolaget og er mor til ei 12 år gammal jente. Ho fortel om telefonsamtalen ho fekk frå dottera som stod ved togstasjonen på Bryne.

– Ho hadde fortalt tidlegare at det var ein mann som hadde følgt etter henne, men me hadde ikkje tatt det heilt på alvor, fortel mora.

Beth valde å gå dottera i møte og såg mannen nokre meter bak jenta.

–Eg stoppa for å snakka med henne. Då bråsnudde han bak, og eg kjende at nå måtte me gjera noko, seier ho.

Beth var i kontakt med omsorgsbustaden der mannen bur.

– Dei tilrådde meg å melda hendinga til politiet. Det gjorde eg, men eg har ikkje høyrt noko meir om saka, seier mora vidare.

Jenta har ikkje opplevd liknande hendingar etterpå, men er framleis utrygg og vil ikkje gå aleine heim når det er mørkt.

Jærbladet har vore i kontakt med ei anna mor som fortel at også hennar dotter har blitt følgt etter av ein mann.

Beth er kritisk til plasseringa av bufellesskapet, som ligg like i utkanten av byggjefeltet.

– Eg tenkjer at det ikkje er ei god løysing å plassera personar som slit med både rus og angst midt i eit byggjefelt, verken for oss som er naboar, eller for bebuarane sjølv, seier ho.

Familien har på bakgrunn av dei skremmande hendingane dottera har opplevd vurdert å flytta frå området.

– Me har kikka litt rundt, men har førebels valt å bli buande, seier Beth.

– Han gjekk med ranselen min på ryggen

Ein annan av familiane Jærbladet har snakka med, hadde innbrot i huset medan dei sjølv låg og sov. Innbrotet er berre ei av mange uønskte hendingar på deira eigedom. Familien har fleire barn i skulealder.

Tjuven vart fanga opp av overvakingskameraet til naboen.

– Me såg tydeleg at han gjekk med ranselen min på ryggen. Me varsla politiet, og dei fann tinga våre att i leilegheita hans, fortel mora, som har halde skjult for ungane at familien har hatt uvedkomande inne på natta.

Mora ønskjer derfor ikkje å stå fram med namn i avisa.

– Det er så ille at me er overraska dersom alt er som det skal når me kjem heim etter å ha vore vekke. Ein gong fekk me ei terrassedør øydelagt. Me fekk dekka skaden på forsikringa, men like etter vart døra øydelagt på ny.

Ho er frustrert over at det går mykje tid på å melda hendingar til politiet, berre for å sjå at saka blir lagt bort fordi lovbrytaren ikkje kan straffast.

Dette seier politiet

Hos politiet på Jæren er problema knytte til bufellesskapet velkjente. Politioverbetjent Morten Slettebø fortel at kriminalitetsnivået kan variera.

– Me har tidvis patruljering i området. Når me får inn klager, så prioriterer me å vera synlege, seier Slettebø.

– Me jobbar både førebyggjande og tar akuttsaker. Det varierer kva område som er utsette, og me er der lovbrota blir meldt inn. Det skjer ofte kriminalitet der det bur kriminelle, og dette er ikkje spesielt for dette området, legg han til.

Folk som bur i bustadområdet opplever at dei melder forhold til politiet, men at det ikkje skjer noko. Slettebø fortel at politiet jobbar med sakene som blir meldt frå området på vanleg måte.

– I alle saker er det krav om at etterforskinga skal vera god nok. Alt må etterforskast og bevisast. Saker som blir lagt vekk, har blitt vurdert på lik linje som andre saker. Ut frå ting som har skjedd tidlegare, så trur ein gjerne at det er ein bestemt person som har gjort noko. Men i dette nabolaget er det mykje trafikk til og frå. Ein del av kriminaliteten som skjer, er gjort av personar som ikkje bur i området, seier politioverbetjenten.

Han opplyser om at alle som har meldt ei sak, skal få brev i posten dersom forholdet blir lagt vekk.

Slettebø ber publikum halda fram med å melda lovbrot til politiet.

– Me er avhengige av at folk melder inn. Viss lovbrot ikkje blir meldt, trur me kanskje at det er ein roleg periode.

I 2016 kom ei lovendring som skal gjera det enklare å dømma utilreknelege personar til tvungent psykisk helsevern. Førebels har ingen av sakene som er blitt etterforska ved Jæren lensmannskontor endt med dom etter den nye lova.

– Me er sjakk matt

Bjørn Vikås i vellaget er ikkje nøgd med situasjonen.

– Me er sjakk matt, og det er veldig frustrerande. Kommunen er handlingslamma. Me kan ikkje leva sånn som dette her. Det blir berre verre og verre år for år, seier vellagsleiaren.

– Eg synest det er frykteleg.

Her kan du lesa tilsvaret til Time kommune:

– Forstår at enkelte episodar er skremmande