Nav har i den siste tida motteke 465.000 søknadar om dagpengar, og har no behandla rundt 230.000 på landsbasis. Dei har blitt kritisert for at mange har stått utan verken inntekter eller dagpengar, men Nav jobbar på spreng for at alle skal få pengane sine.
– Nav utbetalar pengar i eit tempo me aldri har gjort før, og talet på vedtak innan dagpengar førre veke var det høgaste nokosinne. Me har fått på plass 12 av 12 endringar som Stortinget har bedt oss om i samband med koronakrisen. Blant anna blei forskotsordninga for dagpengar klar før påske, slik at arbeidssøkjarar ikkje treng å stå utan pengar i påvente av saksbehandlinga, seier arbeids- og velferdsdirektør Sigrun Vågeng i ei pressemelding.
Mest til Klepp
Nav la i dag fram tal på kor mange som har fått lønskompensasjon.
I Klepp kommune har 551 fått utbetalt lønskompensasjon så langt. Det er ein totalsum på tolv millionar kroner. Åtte millionar blei utbetalt i mars, tre i april og éin i mai.
354 personar har fått lønskompensasjon i Hå. Der er det betalt ut totalt sju millionar. Fem av dei blei utbetalt i mars, og to i april.
For Time har det blitt utbetalt ti millionar kroner fordelt på 461 personar. Sju millionar kom i mars, og to millionar i april.
Nav kunne òg nyleg melde at halvparten av dei som har vore ut av jobb som følgje av koronakrisa no er tilbake. Heile 431.100 hadde registrert seg som arbeidssøkjande sidan koronakrisa kom, og no har 215.500 av dei kome seg tilbake i jobb.