Neste gong tek politiet anlegget

DEL

Seint laurdag kveld rykka politiet ut til ei adresse på Øksnavad etter meldingar om høg musikk frå ei privatadresse. Det er ikkje første gongen dei har vore på same staden i same ærend.

- Han fekk no ei siste åtvaring. Skjer dette igjen, vert anlegget teke frå han, seier politioverbetjent Arild Oftedal ved Jæren lensmannskontor.

Kvelden før hadde politiet eit oppdrag med ein annan gjengangar, som denne gongen virra rundt i ei rundkøyring på Kleppe og forstyrra ro og orden. Mannen fekk beskjed om å roa seg, og vart vist bort frå Klepp sentrum i 24 timar.

Og når me er inne på gjengangar-meldingar: Fredag kveld ved 23-tida fekk politiet melding om fyrverkeriskyting på Varhaug.

– Dei har store arsenal enno etter nyttårshelga, ser det ut til, både på Varhaug og Vigrestad, slår politioverbetjent Oftedal fast.

Artikkeltags