Det opplyser dei fire kommunane Klepp, Time, Hå og Gjesdal i ei felles pressemelding fredag.

Alle dei fire kommunane tilbyr no drop in-vaksinering. I tillegg er det mogleg å tinga time for vaksinering, anten det er for første, andre eller tredje dose. Dei som tinger på førehand unngår kø på vaksinestaden.

«På drop-in er alle velkomne. Passar det til dømes betre for ein kleppsbu å vaksinera seg i Time, er det heilt i orden. Alle over 18 år kan nå få tredje dose, så lenge det har gått 20 veker sidan dose 2. Dei som ønsker dose 1 og 2 kan også komma på drop-in på Jæren», skriv dei i pressemeldinga.

På Kvadrat kan alle som vil koma innom for å få første eller andre dose av koronavaksina. Tilbodet gjeld i opningstidene til kjøpesenteret, fram til og med 15. januar.

Dei som er under 16 og skal ha vaksine, må ha med samtykkeskjema frå foreldra.

Her kan du vaksinera deg:

KommuneHvorDagTidspunktDose

Sandnes

Kvadrat

5. - 15. jan

I opningstida

1 og 2

Klepp

Klepp rådhus

20. jan

13.00-15.00

Alle


Klepp rådhus

27. jan

13.00-15.00

Alle

Time

Kirsten Brynes veg 30 på Bryne (tidl. NAV-kontor).

Tysdag, onsdag, torsdag kvar veke

0900-1430

1 og 2

Hå helsesenter, Nærbø

13. jan

18.00-19.30

1 og 2


Hå helsesenter, Nærbø

27. jan

18.00-19.30

1 og 2


Ogna bibliotek

12. jan

15.00-18.00

Alle


Ogna bibliotek

19. jan

15.00-18.00

Alle


Apotek 1 Heilo, Amfi Nærbø

Frå veke 2, måndag, onsdag, fredag

09.00-15.00

Alle

Gjesdal

Rettedalen 11

12., 13., 19. og 20. jan. Deretter onsdagar.

Sjå kommunen si nettside

1 (i veke 2 og 3)

Kommunane syner til heimesidene sine for meir informasjon og nye datoar.