No er det endeleg god nok kvalitet på badevatnet

SOMMARIDYLL: Noah Aarsland (5) og Kornelius Aarsland Birkeland (11) kosa seg på stranda i juni. No er det fritt fram for å bade der igjen.

SOMMARIDYLL: Noah Aarsland (5) og Kornelius Aarsland Birkeland (11) kosa seg på stranda i juni. No er det fritt fram for å bade der igjen. Foto:

Hå kommune har vore ute og testa vasskvaliteten på populære badeplassar.

DEL

I juli har det vore fleire badeplassar i Hå som ikkje har hatt akseptabel vasskvalitet. No er situasjonen snudd, og kommunen rår ikkje lenger mot å bade på stadane i tabellen under. Dei har riktig nok ikkje testa alle dei same stadane som sist gong.

Denne typen målingar baserer seg på at «god kvalitet» betyr mindre enn 100 tarmbakteriar per 100 milliliter, «akseptabel kvalitet» har mellom 100 og 1000 tarmbakteriar, og at «ikkje akseptabel kvalitet» har over 1000.

Badeplass Vasskvalitet
Ognaelva nedanfor fylkesveg 44 God kvalitet
Rennå, Brusand

Akseptabel kvalitet

Salteånå ved Refsnes

Akseptabel kvalitet

Fuglestadåna ved kvernhusa
God kvalitet

Her kan du sjå ei oversikt over tilrettelagde badeplassar i kommunen:


Artikkeltags