Bestilling av koronatest føregår på nettsida c19.no.

- På denne måten kan du bestilla testing utan å kontakta legevakta først. Det betyr at du slepp å venta på å komma gjennom på telefon, samtidig som legevakta får færre telefonar og dermed får meir tid til anna drift, skriv Klepp kommune på nettsida si.

For å bestilla test må folk først logga inn med elektronisk ID, opplysa om kontaktinformasjon og kryssa av for om dei bestiller time til deg sjølv eller til ein annan.

– Straks du har sendt inn skjemaet får du informasjon om når og kvar du skal møta opp. Ved låg pågang kan du oppleva å få time allereie 45 minutt etter bestilling. Tida du må venta kjem an på testkapasiteten, blir det vidare opplyst.

Kommunane påpeiker at det er viktig at folk følgjer dei til ein kvar tid gjeldande kriteria for testing før dei bestiller time.

Klepp, Time, Hå, Sandnes Gjesdal, tok i bruk bestillingsløysinga onsdag morgon. Løysinga er utvikla av Kristiansund kommune.