No kan marerittet som Moria er, ende opp i ei katastrofe

KRISETID: Ei tid for solidaritet, skryt Jeanette Lea Romslo, som sit i kommunestyret i Hå for SV. Bildet frå Lesbos er tatt i 2015.

KRISETID: Ei tid for solidaritet, skryt Jeanette Lea Romslo, som sit i kommunestyret i Hå for SV. Bildet frå Lesbos er tatt i 2015. Foto:

Av

Vi kan ikkje akseptere den menneskelege tragedien som utspelar seg på øya Lesvos i Hellas, skriv innsendaren.

DEL

MeiningarVi lever i ei heilt spesiell tid. Koronakrisa som skakar ei heil verd, gjer at mange no kjenner på ei uvisse ein ikkje har kjent på tidlegare.

Men krisetid er også ei tid for solidaritet.

I flyktningleiren på Moria bor det 20.000 menneske. Flyktningane manglar mat, tilgang på reint vatn, tak over hovudet, sanitæranlegg, helsehjelp og medisin, klede og sko, og skulegang. Hjelpearbeidarar som har vore i leiren rapporterer om tilhøve som er så umenneskelege at det nesten er umogleg å førestille seg korleis livet er for dei 7.500 borna som veks opp der.

Ein barndom i Moria-leiren må kjennast uendeleg, eit uendeleg mareritt som ikkje forsvinn når ein vaknar.

Vi kan ikkje akseptere den menneskelege tragedien som utspelar seg på øya Lesvos i Hellas. Moria er ein mottaksstad med kapasitet på 3.000 menneske. No er talet høgare enn 20.000. Sidan det er ein mottaksstad blir det ikkje gitt meir enn det aller mest nødvendige av mat og husly. Ungar får ikkje skulegang, der er knapt helsetenester og nesten alt som blir gitt, blir gitt av frivillige. Dette fører til at hjelpeorganisasjonane har problem og mange har vorte tvungen til å avgrense aktiviteten av omsyn til manglande tryggleik.

No kan marerittet som Moria er, ende opp i ei katastrofe. Kva som skjer når koronaviruset får breie seg i ein leir der 20.000 menneske deler på plassen til 3.000, der det ikkje finst nok såpe og vatn, der 200 personar deler på kvart toalett, og der mange er sjuke og har dårleg helse, er i det heile teke vanskeleg å tenkje på.

Moria er ein mottaksstad med kapasitet på 3.000 menneske. No er talet høgare enn 20.000.

Det er no vi må vise kva vi som nasjon er skapt av, og vise solidaritet med ungar som lever i ufatteleg naud. Vi må handle medan det enno er tid. Det er ingen grunn til at Noreg skal sitje og vente. Vi kan gå føre.

Lat oss starte med dei mest sårbare, og sørgje for at borna i Moria kan vakne opp frå marerittet i ei varm seng i eit trygt land.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags