Like ved inngangen i hovudbygget på Bryne vidaregåande skule, har tre runde klesstativ fått plass bak ein vegg. Her er det nemleg i ferd med å veksa fram ei klesbyttebu. Tanken er at elevar og lærarar kan både levera og ta med seg plagg her ifrå.

– Treng ikkje kjøpa alt nytt

Det er avdelinga Arbeidstrening ved skulen som står bak byttebua.

Elevane Jonas Vigre og Katrine Mjølhus Sleveland er innom for å sjekka ut utvalet så langt. Dei blar seg gjennom plagg etter plagg.

– Sjå, denne var jo fin, seier Vigre og viser fram ein kjole.

Mjølhus Sleveland nikkar og vel seg ut ein svart topp.

Dei to ser fram til å koma skikkeleg i gang. Førebels er byttebua bare så vidt i gang.

Elevane håpar det vil bli populært.

– Me treng ikkje alltid kjøpa nye, dyre plagg. Eg gjer det nok litt sjølv, men eg prøver å tenkja gjenbruk, seier Vigre vidare.

– Og så blir det betre for miljøet viss ikkje så mykje blir kasta, legg Mjølhus Sleveland til.

– Kjem de til å bruka klesbytteboden sjølv?

– Je, eg tenkjer at eg vil sjå om eg finn meg noko, seier Vigre.

Gjenbruk

Det var lærar Helge Stokka som hadde idèen og lufta den med elevane. Planlegginga av bytteboden starta i haust.

Avdelingsleiar Therese Rosseland tykkjer det er eit godt initiativ.

– Me er Norges største vidaregåande med om lag 2000 elevar og over 300 lærarar, så det burde vera grunnlag nok for å få til noko slikt som dette, seier ho.

Vaska og sjekka

Planen er at alle klede skal innom elevane på Arbeidstrening. Der skal dei gå gjennom plagga, vaska dei og hengja dei opp på klesstativa. Stativa har dei fått kjøpt billeg på Finn.

– Men viss nokon skulle ha kleshengjarar å avsjå, så blir me veldig glade, skyt Stokka inn, og legg til at dei òg vil ta i mot klede frå andre enn elevar og lærarar.

– Men då må gjevaren hugsa på at målgruppa stort sett er ungdommar, minner Rosseland om.

Plagg som av ulike grunnar ikkje kan brukast, vil bli vurderte for redesign. Elevane ved programfaget Design og håndverk lagar nemleg ulike produkt av brukt tøy, blant anna handlenett.

Skulen ser føre seg at byttebua etter kvart kan utviklast vidare, alt etter kor populært det blir.

- Virker bra

Like utanfor klesbyttebua sit 17-åringane Rikke Skrettingland og Emeli Vigre.

Dei har ikkje fått med seg det nye tilbodet ennå, men tykkjer det høyrest spanande ut med byttebu.

- Det virker som eit bra opplegg. Eg trur det vil bli brukt, seier Skrettingland.

- Ja, det er jo litt in å kjøpa klede på Fretex, legg Vigre til.

Ho har sjølv kjøpt brukte klede.

- Eg sydde om ein kjole ein gong og har kjøpt enkle t-skjorter, seier ho.

Rikke vil gjerne kikka innom byttebua.

- Hadde eg sett noko kult, kunne eg absolutt brukt det. Dessutan kan det jo vera greitt for dei som treng klede, seier ho.

Arbeidstrening på Bryne vgs

Vidaregåande opplæring for elevar med spesielle behov knytta til læring og sosial fungering.

Målsettinga til linja er at elevane får meiningsfylte liv saman med andre menneske, både i fritid og jobb, meistring og heva den sosiale kompetansen.

Linja har 25 elevar fordelt på fem grupper.

Tilbyr i dag: Restaurant og matfag, Service og samferdsel og Design og håndverk

Driv butikk

Arbeidstrening består av tre programfag: Service og samferdsel, Design og handverk og Restaurant og matfag.

I tillegg til klesbytteboden, driv også Arbeidstrening ein liten butikk som heiter Snopebuå. Snopebuå har, som namnet fortel, snop, men også produkt som dei tre programområda produserer.