– Dei som har bestilt tid for oppfriskingsdose, men ønsker å venta på den nye vaksinen, kan utsetja timen, melder kommunane Klepp, Time og Hå i ei felles pressemelding torsdag morgon.
Den nye vaksinen kjem til Klepp og Hå i veke 37 - altså i neste veke. Til Time kjem han i veke 38. Kommunane vil fram til det vaksinera med opphavleg vaksine.
Den nye vaksinen frå Pfizer/Biontech – som har fått namnet Comirnaty Original/Omikron BA.1 – vert berre gitt som oppfriskingsdose.
– Den nye vaksinen gir omtrent same beskyttelse mot alvorleg sjukdom som den opphavlege vaksinen, men gjev noko betre vern mot å bli smitta av omikron. Har du allereie teke fjerde dose, treng du ikkje ta denne i tillegg, seier kommuneoverlege i Time, Øystein Øgaard.
Den nye vaksinevarianten skal altså berre brukast som oppfriskingsdose, det vil seia dose 3 og 4. Grunnvaksineringa, dose 1 og 2, vil framleis vera med opphaveleg vaksine.