Ny rapport: Opp mot 10.000 kan miste jobben i eksportnæringar i Rogaland, men jærkommunane er best rusta

Time, Klepp og Hå er blant kommunane med minst eksportretta arbeidskraft, og vil difor kjenne mindre på krisa enn kommunar som Sola og Stavanger.

DEL

Ein fersk rapport frå Menon Economics har sett på rammene for bedrifter i Noreg og Rogaland, der dei i ulike scenario viser at opp mot 10.000 kan miste jobben innan eksportnæringar her i fylket. Sola, Randaberg og Stavanger er dei mest utsette kommunane for oppseiingar, mens Time, Klepp og Hå er blant dei mest robuste.

– Korona-pandemiens verknad på næringslivet er ulik alle andre krisar som har ramma norsk næringsliv. Det unike er at krisen simultant rammar både tilbodssida og etterspurnadssida, samstundes som prisen på Noregs viktigaste eksportvare, olje og gass, har falle markant sidan byrjinga av mars, skriv dei i rapporten.

Rogaland er det fylket som kan bli hardast ramma av krisen. Rapporten viser til at det er spesielt tilsette innan maritim- og offshoreindustri og reiselivsnæringa som vil kjenne mest på krisa. Dei opererer med tre scenario: eitt der oppunder 10.000 mistar jobben, eitt med rundt 7500 og eitt på rundt 4500. Menon seier ikkje noko om kva scenario som er mest sannsynleg.

– Krisen får store, negative konsekvensar for eksportindustrien i fylket. I verste fall risikerer me å miste kritiske verdikjeder, og maritim- og offshore leverandørindustri er spesielt utsett. Dersom dei store motorane i systemet forsvinn, vil dette få konsekvensar for hundrevis av underleverandørar. Difor er det viktig å sikre at både lokale arbeidsplassar og nasjonale, eksportretta verdikjeder held stand, seier Otto Søberg, administrerande direktør i Eksportkreditt Norge, som har bestilt rapporten.

Time, Klepp og Hå er blant kommunane med minst eksportintensitet i Rogaland, og er difor mindre sårbare for desse endringane. Til dømes er det berre fem prosent av arbeidskrafta i jærkommunane som jobbar innan reiseliv. Rapporten peikar òg på at inntekter frå nordmenn som ferierer i Noreg er desidert viktigast for norsk reiseliv. Eksportinntektene er ikkje like essensielle der.

– NHO Rogaland følgjer sjølvsagt dette time for time, og har lest rapporten i detalj. Det er ein mørk horisont som teiknast i Rogaland, seier Tone Grindland, regiondirektør i NHO Rogaland i ei pressemelding. Ho peiker på at ein stor del av sysselsette på Jæren er tilsett innan landbruket, og det gjer at jærkommunane har meir å gå på.

Artikkeltags