Når ein ifrå Egersund hiv seg inn i debatten om korleis vi på Vigrestad har det og vil ha det, og i tillegg kjem med nokon "fakta" og uttalelser som ikkje stemmer, då må eg faktisk svare.

Du skriv at idrettsklubben tek bakveien inn og får seg ny hall. Kva veit du om dette? Idrettsklubben vår for alle i bygdå, til og med dei som ikkje spelar fotball, har absolutt ingenting med denne saken og gjera.

Dette var eit iniativ eg og ei venninna tok for snart 3 år sidan. For og endre skulestrukturen som i si tid var og skulle være midlertidig. Har du vore på Vigrestad? Du skriv om levende torg og sentral beligenhet. Vi har torg her. Midt i midten av sentrum!

Skulen ligg bak om torget og extra'en og helsesenteret. Du skriv at skulen MÅ ligge i sentrum, kvifor? Ser ikkje at du har skrevet noko om kvifor du meiner dette? Vi kan lage levende sentrum fordi om skulen ligg nokre meter lenger borte.

Les også

Å flytte skolen vil resultere i en døende bygd

Skuleveien blir trygg for barna sjølv om den flyttes, sykkelsti og undergang heilt bort. Folkehelse er et pop ord for tida, slår et slag for den og lar ungane sykle eller gå.

Du skriv og at skyssen til ungane i markå blir borte om vi bygger ny skule på ny tomt, korleis veit du det? Meg bekjent er det vedtatt skyss til ungane. Som en kompensasjon på at dei ikkje bygger skule der? Du skriv og dette er hastverk, som nevnt har saken våre på gang i 3 år, den er veldig godt utreda og dette blei landa som det beste alternativet for heile bygdå. Eg kjenner eg blir mektig provosert av både dine antakelser og ikkje minst slik du tenker og nevner idrettslaget, og av din påstand så tømmer vi sentrum og den blir heilt død av denne løysinga, kva då tenke du?

Ser i andre bygder i Hå, veldig få, om noen har skolen klin inni sentrum. Når eg kjører forbi feks nye Bø skule, er det masse lek og aktivitet der på ettermiddagene. Eg kjenner folk på Rosk, til og med dei bruker plassen, om det ligg et godt stykke ifrå.

Likeens på Motland, den ligg og utenfor sjølve kjernen, fullt opp av unga på ettermiddag og kveld. Ta deg en runde rundt i Hå, så vil du fort sjå at alternativ 3 her ikkje er veldig ulikt slik bygdene rundt har det. Vi har heller ikkje nok areal på gamle skulen. Uteområdet blir veldig knapt, går nok innunder det som er krav, men dog veldig knapt.

I tillegg kan vi risikere at det framover blir altfor lite, viss tomtene i markå plutseleg tek av igjen, så held ikkje areala i lang framtid! Du påstår og at synergiene er få, men igjen, du hiv ut en påstand uten hold. Du har og fleire påstander om idrettslaget og dens økonomi, men eg trur eg stopper nå, for det blei faktisk bare useriøst av deg!