Nyttår 2021 – 2022

Godt nytt år, godtfolk!

For eit år sidan avslutta eg nyttårstalen på fylgjande måte: «Vi går inn i eit nytt år. Mykje ønskjer vi å fortsetja, men koronaen vil vi gjerne ha slutt på. Eg trur at vi alle ser fram til normale dagar då vi kan ta imot ei utstrekt hand utan å rygga tilbake».

Lite ante eg då at vi nå, eitt år seinare, skulle snakka om omikron og hosteskam.

2021 vart eit nytt koronaår, der gjenopninga ikkje var skikkeleg i gang før nye restriksjonar var på plass. Det er både irriterande og krevande.

Men det er og mykje å gle seg over ved eit årsskifte.

La oss ta turen gjennom kommunen.

Sirevåg utmerkar seg stadig. NRK sin sommarbåt valgte naturleg nok å koma innom Sirevåg. I lag med folka i Sirevåg laga kommunalt tilsette, med endra ferieplanar, ein fin folkefest i Sirevåg hamn. Yngre og eldre lokale artistar stod på scenen. Det skulle berre ha vore fritt fram for å koma som tilskodar. Å sitja heime og sjå live-konsert på skjermbrett eller mobiltelefon vert aldri det same.

Bubilfolket har og oppdaga Sirevåg dette året. Dei kom så mange at kommunen måtte til med organisering og tilrettelegging. Båtfolket vert dei neste. Då snakkar vi om dei som kjem med småbåtar blott til forlystelse. Småbåthamn er bestemt, og pengar sett av dette og neste år. Dei mange fiskebåtane Sirevåg eingong hadde, vil nok ikkje koma tilbake, men det er ungdommar som vil driva med fiske, så denne delen av livet i Sirevåg er slett ikkje lagt vekk. Det vert arbeidd for å finna ut om det kan vera aktuelt med fiskeoppdrett på land og.

På næringsområdet i Skoga er det og aukande aktivitet, og lengst sør i kommunen er det og byggjeaktivitet med nye hytter, så det skjer noko der sør.

Hå kommune har dei siste åra satsa meir på reiseliv. Då er Ogna både fortid og framtid. Det var til Ogna kunstnarane kom for å bu og mala jærlyset. I dag er det ikkje Hiort-pensjonatet som skal trekkja folk til Ogna. Forseggjorde hytter med adgang til Jærens finaste strender, og hytter i tretoppane får oppmerksomhet langt utover kommunegrensene.

Det same gjer ein kulturscene der artistar vil koma igjen og igjen.

Så vart det gjort endringar på Olsvoll tidleg på året. Ikkje alle var like fornøgde med det, men målet er å gje tilbod om ein god og aktiv alderdom same kor du bur i kommunen.

Ungdommane skal heller ikkje gløymast. Ein ny ungdomskubb på Ogna, med tilhald i den nye skulen, har vist seg å samla ungdommar frå både nord og sør. Ungdommane er framtida vår.

Denne sommaren fekk vi koronapengar og kunne styrkja både «barn i juli» og «ung i juli». Utruleg kva litt pengar og velvillige tilsette kan få til, sjølv midt på sommaren.

Brusand ventar på ein lova barnehage. Det har dei gjort lenge. Kommunehuset i gamle Ogna kommune har gjort sitt som Askeladden barnehage lenge nok nå. Så kan eg heller ikkje dette året seia at arbeidet er i gang, men no heiter det «forbelastning av tomta tidleg 2022». Så vi får sjå.

Frivillige lag og organisasjonar vil eg koma tilbake til fleire gonger i denne talen. At eit barnelag på bedehuset på Brusand samlar hundre ungar og ungdommar til aktivitet ein kvardagskveld fortel ganske mykje om verdien av frivillig arbeid. Det er vaksne som set av tid til beste for andre. Å samla så mange på Brusand, fortel og noko om at grensene mellom bygdene er underordna når tilbodet bare treffer.

Kven skulle for nokre år sidan tru at det skulle verta bustadblokker på Brusand? I dag er blokk nr 2 på veg opp.

Stokkalandsmarka er eit satsingsområde for Hå kommune. Sjølv om det yrer med ungar i gatene der oppe, og sjølv om spesielt barnefamiliar fortel om gode oppvekstforhold, har ikkje utviklinga vorte slik vi forventa for nokre år sidan. Det er mange fine ledige tomter til salgs, men få kjøparar. Hus vert selde, men og kjøpte i marka, så det er ikkje stillstand. Men barnetalet forsvarar ikkje ny skule ennå. Dette har kommunestyret teke konsekvensen av, og frå neste år vil det vera gratis skuleskyss for alle skuleungane som skal ned til Vigrestad. Så reknar vi med ny vekst i Stokkalandsmarka etterkvart som ny optimisme breier seg sørover Jæren. Byggjefirma kan fortelja om endring lenger nord, og tidlegare gonger har Stokkalandsmarka fulgt etter utviklinga lenger nord.

På Vigrestad feirer idrettsklubben 100 år dette året. Vi har eit yrande organisasjonsliv i kommunen. Det er av stor verdi for dei ulike bygdene. Stavanger biskop var på visitas i Varhaug sokn denne hausten. Ho var då på besøk hjå idrettslaga, både på Vigrestad og Varhaug. Noko av det ho drog fram, både i samtalar på rådhuset og i visitasforedraget sitt, var besøka hjå idrettslaga. Ein ting er dei imponerande anlegga som vert bygde og haldne ved like ved hjelp av eldsjeler og dugnad. Der er laga våre utan sidestykke. Men det biskopen tok fram i samtale, var breidden i aktivitetar og dei verdiane som idrettslaga legg til grunn. Det er stas med eit lokaloppgjer på fotballbanen, og ingenting er kjekkare enn å slå nabobygda, men det er ikkje det som er drivkrafta i idrettslaga sitt mangfoldige arbeid. Det er tanken om folkehelse, om å vera ein byggjande faktor i lokalsamfunnet, å vera inkluderande og å ha tilbod som treffer ulike aldrar og interesser som ligg i botn. Så veit vi at det må vera vaksne som gir avkall på heimetid og ein ettermiddagslur i godstolen for å få til aktivitetar for barn og unge. Og det er mange slike vaksne i kommunen vår, både på Vigrestad og i dei andre bygdene. Vi finn dei både i idrettslag, i barnelag, i barnekor og i andre aktivitetar. Tre fredagar i oktober vert ordføraren kvart år invitert til haustfest i dei fire 4H-laga. Då får eg sjå resultat av aktivitetar med vaksne i kulissane.

Hå kommune er heldig som har slike byggjande lag og organisasjonar. Og dette året er det altså Vigrestad Idrettsklubb som markerer jubileum. Gratulerer!

Nå har kyrkjevegen forbi Odlandskyrkja gatelys på heile strekket, så det går greitt å koma seg frå Vigrestad til Varhaug, også på kveldstid, både på sykkel og rulleski. På Varhaug fekk elevar og lærarar ta i bruk det som vel opplevest som ny skule. Alt er ikkje nytt, men klassane som for to år sidan heldt til i mørke kjellarlokale med lite ventilasjon, har etter to år i brakker endeleg fått flytta inn i tenlege læringsrom i eit skikkeleg skulebygg. Når det gjeld bygg, er det gjort mykje på skulefronten dei siste åra. Eg har hatt gleda av å sjå nye skulebygg verta tekne i bruk både på Bø, Ogna og Varhaug i mi ordførartid. Vedtaka var gjerne gjort før, men gleda er like stor. Så vert blikket retta mot skulestrukturen på Vigrestad, og eg tenkjer at både Stokkalandsmarka, Vigrestad og kommunestyret sjølv er spente på kva vi skal enda opp med når dette utgreiingsarbeidet er gjort ferdig fram til neste budsjettrunde.

Noko anna som har oppteke Varhaugsbuen dette året, er korleis sentrum av Varhaug skal sjå ut i framtida. Det har vorte arbeidd mykje med sentrumsplanar og dette året, og kommunedelsplan for Varhaug sentrum vart endeleg vedteken i haust. Visjonen i planen er å gjera Varhaug til ein møteplass for alle. På same måte som på Nærbø, har folk engasjert seg. Venner og naboar samla seg i gjestebud for å koma med innspel. Bedriftsforening og virksomhetar har sagt sitt. Noko har kome med i ferdig plan, anna har vorte vurdert og lagt til side. Statsforvaltar og fylkeskommune har hatt innvendingar. Bane NOR har hatt sterke meiningar, og vi har møtt til mekling i lag med Statsforvaltaren.

Planarbeid er møysommeleg arbeid. Nå må Vigrestadbuen gjera seg klar til å tenkja framover om sitt sentrum. Eg reknar med at engasjementet ikkje skal vera mindre der når det vert invitert til gjestebod seinare i år.

Når planen er klar, er realisering neste steg. Tek det tid å få til ein plan, tek det ennå lenger tid frå plan til realisering. Noko må gjerne rivast for å gje plass til noko nytt. På Varhaug har folk spurt seg korleis det gjekk då kommunestyret sende kommunedirektøren på handletur for å kjøpa to tomter til sentrumsutvikling. Dei har sett at trelastlagera nord for rådhuset kom bort og at tomta vart rydda, men har og sett at det gamle handelslaget fremdeles står der som eit tomt skal og minner om tidlegare tider. Litt om og men vil det alltid vera, men på desembermøtet bekrefta kommunestyret på nytt viljen til å rydda plass for nye Varhaug sentrum. Så har vi tru på at arbeidet med sentrumsplanar skal gjera det trivelegare å bu i alle stasjonsbyane våre. Men Rom vart ikkje bygd på ein dag, og det vert heller ikkje ein stasjonsby på Jæren.

På Oppstadvegen nordover til Nærbø er det og kome gatelys på heile strekket slik at dei mange som arbeider i fengselet på Åna kan sykla trygt både seint og tidleg.

Kommunedelplan for Nærbø sentrum var ferdig alt til jul i 2018. Denne vinteren fornyar, oppgraderer og flaumsikrar vi med tanke på realisering av eit fornya og forbetra sentrum på Nærbø. I planen sa vi at vi ville utvikla sentrum i den største tettstaden i kommunen til eit trygt, triveleg og tilgjengeleg sentrum. Nå legg vi til rette for ei slik utvikling. Og utvikling skjer på Nærbø. Etter år med forsiktig bustadbygging i heile kommunen, tek større bustadprosjekt form på Nærbø. Utbyggjarar er på banen igjen. Trelast-tomta vert fylt opp med leiligheter. På same måte på tomta der Bø skule stod og ikkje minst meieritomta. På Bjorhaugslettå vert det reist industribygg, så vi merkar meir optimisme enn dei siste åra.

Det vil vel vera å dra det langt å syna til Nærbø-håndballen når det gjeld tilbakevendande optimisme, men håndballen set Nærbø på kartet når dei hentar lag frå Europa til Nærbø og gir bygda og kommunen «stolte øyeblikk».

Bygdeungdomslaget på Nærbø feira 75-årsjubileum dette året. Ungdommane der har utfordra meg på støtte til bøndene. Hå-bonden mister ikkje motet så lett. Men det er råd å merka at utfordringane er mange nå. Arbeidsglede og pågangsmot er ikkje nok til å leva av, arbeidet må betala seg og. Det trur eg er ei oppfatning som begynner å festa seg både hjå politikarar og andre folk. Landbruket og næringsmiddelindustrien er ryggrada i Hå.

Så skal vi neste nyttårstale ta turen vidare til Høyland og sjå på gammalt skulebygg med nye vindu og nytt tak, og vi skal koma like til Bekkeheien og sjå korleis det fungerer med felles legevakt for jærkommunane.

Eg har fleire gonger vore innom frivillige lag og organisasjonar. Folk i Hå engasjerer seg. Vi ser det og når vi inviterer til innspel i planarbeid. I arbeidet med omsorgsplan vart det invitert til folkemøter. Folk møtte opp med gode innspel kveld etter kveld.

Då det vart etablert eit akuttmottak for afghanske flyktningar engasjerte folk seg på ulikt vis, med alt frå klede til juletilstelning. Kommune og frivillige i lag vart lagt merke til av UDI.

Ungdommen er framtida vår, sa eg. Det er dei som skal styra når vi eldre gir oss. Då er det viktig å læra seg til. Dette året vart ungdomsrådet formelt oppretta i juni. Barn og unges kommunestyre har og funne si form. Det gir håp når barn og unges kommunestyre vert enige å bruke tildelte pengar til barnekreftforeninga i Rogaland i staden for å bruka pengane på seg sjølv.

I november var alle tilsette i Hå kommune invitert til kommunedag. Det var ein anledning til å seia takk til alle kommunearbeidarane våre. Kommunetilsette i Hå utfører 1385 årsverk til beste for innbyggjarane i kommunen. Dei to siste åra har vore krevande for mange. «Det er jabnå som drege», seier vi. Men det er og «jabnå som sliter». Takk til alle som står på, månad etter månad. Takka vere dykk, maktar Hå kommune å levera gode tenester både til barn, unge og gamle, slik vi ønskjer å gjera.

Takk og til folket i Hå som i stor grad har vore loyale mot føringar og anbefalingar når det gjeld korleis vi skal oppføra oss for å halda smittetykk i sjakk.

Det må vel snart gå mot slutten på denne koronaen.

Det vil eg ønska, og eg vil ønska alle eit godt år!