Klepp når ikkje sitt eige mål for lærlingar. Det synest ordføraren er litt flaut.

- Når me ikkje klarar å levera på dette sjølv, så blir det utruleg vanskeleg for meg å gå ut kvart år og purra på bedriftene, sa Ane Mari Braut Nese. No har kommunestyret bestilt ei eiga sak om lærlingar.