– Det er utruleg kjekt å koma i gang med bygginga. Bryne storhall vil bety spesielt mykje for barn og unge, men blir òg viktig for folkehelsa. I tillegg vil hallen bety mykje for byutviklinga av Bryne, seier kommunedirektør Trygve Apeland i ei pressemelding.

Arbeidet tek til i november, og byggetida er rekna å ta eitt år, noko som betyr at hallen kan stå klar i utgangen av 2023.

Drog i bremsen og fekk meir draghjelp

Fredag morgon signerte kommunedirektør Trygve Apeland kontrakt om bygginga av 5000 kvadratmeter store Bryne storhall med entreprenøren Skanska.

Samla kontraktsum for samspel og utføring er på 124 millionar kroner eks. mva.

– Dette er eit viktig prosjekt for den videragåande skulen, idretten og heile Bryne. Me er veldig nøgde med at Time kommune viser oss tillit, og me er stolte over å bidra til at dette fantastiske prosjektet blir realisert, seier regiondirektør for Skanskas byggjeverksemd i Rogaland og Agder, Jone Klingsheim, i ei pressemelding.

Byggegropa mellom Timehallen og Rosseland skule har vore klar ei stund, men i vår drog Time kommune i bremsen for storhall-prosjektet etter at nye kalkylar viste at hallen kom til å bli mykje dyrare enn tidlegare antatt.

Men etter at Rogaland fylkeskommune trødde til og auka leiga dei skal betala i hallen, som også skal brukast av Bryne vidaregåande skule, gav Time-politikarane rett før sommarferien tommel opp for storprosjektet.

Kan nyttast til toppseriespel

Bryne storhall vil styrka hallkapasiteten på Bryne betrakteleg. Hallen vil få to hallflater etter kvarandre, og vert om lag 90 meter lang. Bruksarealet til hallen er på 5 000 kvadratmeter.

Takhøgda vert 9 meter. Det betyr at hallen kan nyttast til toppseriespel i fleire idrettar med krav om takhøgd, til dømes handball.

Tribunen langs den eine langsida er dimensjonert for 600 tilskodarar, men med planlagde teleskoptribunar i tillegg, vil hallen kunna ta imot opp til 1500 publikummarar.

Kvar av dei to hallflatene kan delast opp i tre mindre delar, slik at seks grupper kan trena samstundes i hallen, og det vil vera eige garderobesett til kvar inndeling.

Bryne storhall vil også innehalda andre funksjonar som kiosk, stryketreningsrom, sosiale rom og klubblokale.