Eit kvart hundreår er gått sidan arbeidet med vegen starta. Men no er det ikkje lenge før den 550 meter lange vegstubben står ferdig.

Bygging etter behov

Måndag ettermiddag var det markering av at vegen i Boreringen i Verdalen no skal gjerast. Arbeidet med vegen starta for 25 år sidan, og det er fleire årsaker til at vegen ikkje er blitt ferdig før.

– Det handlar mellom anna om økonomi. I tillegg har vegen blitt forlenga etter kvart som nye byggjefelt er gjort klare. No skal me også byggja barnehage, og me vil ha trafikken i orden før barnehagen opnar, seier ordførar Sigmund Rolfsen (Ap)

Rolfsen tok det første spadetaket frå gravemaskinen og markerte på den måten at vegbygginga er i gang.

For Sigmund Rolfsen var det ei ny erfaring å styra gravemaskin, og han fekk ei kort innføring av gravemaskinførar Eirik Berge, som skal vera med på byggjeprosjektet.

Ordføraren likte seg bak spakane. – Kanskje dette skal bli arbeidet mitt når eg ikkje er ordførar lenger, sa han.

26 millionar kroner

Planen er at det til ta åtte til 12 månadar å byggja vegen.

– Men entreprenøren ser ikkje bort frå at det kan bli forseinkingar, mellom anna på grunn av krigen i Ukraina, fortel Ann Kristin Herredsvela, fagansvarleg samferdsel i Klepp kommune.

Vegen er rekna til å kosta 26 millionar kroner, og fem til åtte personar vil arbeida på prosjektet. Den nye vegen skal knytast til Boreringen Nord.

På vestsida av den nye vegen skal det byggjast bustadar. Dei tekniske planane for vegen er laga av konsulentfirmaet Vial AS. Når Boreringen er ferdig, vil han avlasta Verdalsvegen.

Ole I Bore (Sp) var ordførar i Klepp då arbeidet med ringvegen i Verdalen starta. Deretter hadde Elfin Lea (H) ordførarvervet i 12 år. Han blei avløyst av Ane Mari Braut Nese som var ordførar i åtte år, fram til kommunevalet i 2019. Då overtok Sigmund Rolfsen.