– Eg hugsar eg stod heime i tunet når dyretransporten kom. Eg har alltid vore interessert i slikt, fortel Ottar Søndenå.

60-åringen sit i godstolen i favorittkroken på kjøkkenet heime på Bryne, men barneskorne vart trødde lengre nord i Rogaland.

Han vaks nemleg opp som odelsgut på ein liten gard i Sandeid, men kom til Jæren for å gå på jordbruksskulen i 1982. Meininga var heile tida at han skulle heim igjen, men det gjekk som det ofte går.

– Eg fann ei odelsjente, ler 60-åringen og fortel om jenta frå Skas som han gifta seg med. Saman dreiv dei to heimegarden hennar og fekk sonen Ola.

– Mykje god drøs

Like før tusenårsskiftet valde ekteparet å gå vidare kvar sin veg. Då hadde allereie Leiv Ottar så smått begynt å kjøra dyretransport for Fatland. Etter kvart etablerte han sitt eige firma og har i dag fast avtale med det private slakteriet. Lastebilsjåføren trivst godt både bak rattet og på tunet hjå bøndene.

– Det er mange gilde bønder på Jæren, mykje lått og løye og god drøs, slår lastebilsjåføren fast.

Han tykkjer det er viktig med god dialog når ein kjem heim til folk.

– Ja, du kan ikkje koma som ein surpomp – det går ikkje, legg han til og ler.

For to år sidan gjekk Ottar inn i firma i lag med sonen, som då var 25. Saman driv dei toi Søndenå maskin, som har base på Orre. Sonen driv med traktorar, graving og kantklipping, medan faren har lastebil og kjører dyretransport.

Hugsar 250 telefonnummer

Kvar morgon når klokka så vidt har bikka 05.00, er Ottar på plass i lastebilen i Fatland-dressen, klar til dyst for sine 300 faste kundar. Trufast følgjesvein i bilen er ein åtte år gammal Nokia-telefon, men telefonminnet er ikkje fylt opp av lagra telefonnummer. Dei har Ottar lagra trygt i sitt eige minne.

– Ja, det er rart med det, men eg hugsar faktisk 250 telefonnummer. Eg tenkjer bare på mannen og så dukkar nummeret opp, seier Ottar, og ramsar opp eit par tilfeldige namn og nummer.

– Eg trur bare eg har 10–12 telefonnummer lagra på telefonen. Eg treng ikkje meir.

Han dunkar lett på det velbrukte tastaturet og håpar telefonen vil overleva ei god stund til.

– Eg kan ikkje driva og klatta med ein stor skjerm når eg er på jobb. Det går ikkje.

Per dags dato er Ottar på sin 5. lastebil. Alle av merket Volvo. Han trur ikkje dette blir den siste, noko som også blir stadfesta i gratulasjonsannonsen som stod på trykk i Jærbladet fredag. " Du pensjonerer deg nok ikkje før du blir 80", var litt av teksten.

– Nei, eg liker å ha lange dagar på jobb og hadde nok fort gått på veggane viss eg bare skulle gått heime, smiler han og fortel at han liker å vera sin eigen herre og styra dagen sjølv.

– Eg kan ikkje tenkja meg å ha ein sju-til-tre-jobb. Eg må ha det variert og eg må treffa folk, slår han fast.

Stolt farfar

Som sjåfør av dyretransport har han sett den veldige utviklinga i landbruket på Jæren på nært hald.

– I starten henta eg gjerne 30 griser kvar plass. Med åra har bruka blitt større og større. Nå er det ikkje sjeldan at eg fyller bilen med 125 griser på ein plass.

Men livet til Ottar er meir enn sjåførjobben. I ledige augneblikk er han gjerne å finna med verktøy i handa utanfor huset til sonen og svigerdottera på Ålgård. Og inni huset er farfar sin nyaste skatt – ei snart eitt år gammal jente.

– Å bli farfar var noko eg verkeleg hadde sett fram til, seier han og fortel at han hadde eitt sterkt ønske då barnebarnet var fødd.

– Eg gav vel bare foreldra beskjed om at eg altså skulle bera henne til dåpen, smiler han.

Og slik vart det. 4. november stod ein stolt farfar i Gjesdal kyrkje og fekk visa fram barnebarnet sitt til heile kyrkjelyden.

På sundag runda sjåføren, faren, hobbysnikkaren og farfaren Ottar Søndenå 60 år. Dagen vart feira på laurdag med slekt og vennar.