Gå til sidens hovedinnhold

På Varhaug tok Hedvig (2) seg ein dans på bordet

Med smokken i munnen og flaget vaiande over hovudet, var det ikkje vanskeleg å sjå at Hedvig Reiestad Varhaug (2) var glad for å vera med og feira nasjonaldagen. Det var ein historisk 17. mai på Varhaug i år. For første gong vaia eit stort ukrainsk flaget i 17. mai-toget, saman med mange norske. Flaget blei bore av Astrid Knutsen Håland, lagleiar ved Varhaug skule, og ein av to lærarar som har ansvaret for dei ukrainske elevane som kjem frå mottaket på Nærland. – Me har 42 elevar på mottaket, og dei som ville vera med i 17. mai-toget, gjekk bak meg med norske flag, fortel Astrid Knutsen Håland til Jærbladet. Ho seier at elevane var takksame for å få vera med på feiringa av nasjonaldagen. – Mange av dei hadde også med seg familiane sine, seier Knutsen Håland.

Du har nå sett På Varhaug tok Hedvig (2) seg ein dans på bordet