Varhaug skule er blitt med i Matjungelen, noko som inneber at dei får eit pedagogisk opplegg for korleis barn kan læra meir om mat og smakar.
SFO har nå fått middagslaging på programmet annakvar tysdag, med vekt på sunn mat og nye smakar.
– Blir glad når eg får hjelp
– Elevane ved skulefritidsordninga vel sjølv om dei vil vera med og laga mat. Men tilbodet er populært, og truleg må me ha påmelding etter kart, fortel avdelingsleiar Ole Morten Hobberstad og fagarbeidar Torstein Fjelde.
Etter sommaren i fjor begynte det med at barna fekk smaka på og bli vande med nye og ukjende krydder. SFO-elevane fekk også servert ulike typar frukt som mange ikkje hadde prøvd tidlegare.
Det blei også arrangert blindtestar der elevane måtte gjetta seg fram til kva frukter dei fekk.
– Me opplevde at elevane blei meir modige i forhold til nye smakar, fortel Torstein Fjelde.
Sidan i haust har det vore middagslaging annakvar tysdag.
Pamela Naomi (7), som var ein av kokkene då Jærbladet var på besøk, tykkjer det er gøy å laga mat.
– Av og til er det vanskeleg å skjønna kva eg skal gjera. Men så får eg hjelp av dei vaksne, og då går det fint, fortel ho.
Varhaug er den første skulen i Hå som er med i læreprogrammet Matjungelen. Både i Klepp og Time er det fleire skular som er med.
Matjungelen er eit gratis SFO-program som skal gjera det gøy for barn å laga næringsrik og berekraftig mat.
Målet er at barna skal leika seg til eit betre kosthald.
– Gode situasjonar
SFO-barna må ikkje berre laga mat, dei må også rydda. Og dei får prøva seg med kvasse knivar under oppsyn av vaksne.
Heile tida medan maten blir laga, blir det samtala, både om mat og om anna.
– Me kan koma inn på mange ulike ting medan me driv og lagar mat. Det er gode situasjonar både for læring og for å bli betre kjende. I dag handla det mellom anna om krigen i Ukraina og om Russland, seier Ole Morten Hobberstad.
Matsvinn er også eit tema og SFO-kokkane nyttar restar frå skulekantina i opplegget sitt.
I tillegg blir det lagt vekt på at kokkane ved skulefritidsordninga skal læra om næringsinnhaldet i dei ulike matvarene.
Adrijus Mickevicius (8) liker å arbeida på kjøkkenet.
– Eg trur maten i dag blir god. Sjølv er eg veldig glad i gulrot, og det er noko av det beste eg veit, fortel han.
Ida Marie Skrettingland og Maja Mikalaushaite har begge pannekaker som ein av sine favorittar.