Gå til sidens hovedinnhold

Pandemien kosta mykje, men Time hamna på plussida: – Det vart eit godt år i eit vanskeleg år

Ekstra overføringar frå staten gjer at kommunen likevel enda med eit godt resultat i 2020.

Kommunen forventar eit netto driftsresultat på om lag 25 millionar for 2020. Det utgjer 1,7 prosent av driftsinntektene.

– Eg har ant at me skulle enda i pluss, men det vart større enn eg hadde rekna med. Det er eg veldig glad for, seier Andreas Vollsund, som i september overtok som ordførar etter partikollega i Høgre, Reinert Kverneland.

Les også

Dokkemeisteren i Time-politikken gir seg, men først må han dele nokre røvarhistorier

Les også

– Er det stress å vera ordførar, Andreas? spør elevane læraren, som ikkje har fått tid til å skaffa vikar sidan han fekk ny jobb

25 millionar i pluss

Meirkostnadene og mindreinntektene er langt på veg dekka med auka statstilskot, redusert arbeidsgjevaravgift og innsparing på lønnsreserven på grunn av lågt lønnsoppgjer.

Eit lågt lønnsoppgjer har også ført til innsparingar på pensjonskostnadene, og lågt rentenivå har gitt innsparingar på netto rentekostnad.

– Staten har kompensert godt. Noko av grunnen til at me gjer eit godt resultat i år, er eingongsbeløp, særleg på pensjonsordning. Det vart eit godt år i eit vanskeleg år, takka vera gode kompensasjonsordningar frå regjering og staten, seier Vollsund.

– Men me har også skore ned på drifta, sidan Omstilling 2017, og ser nok resultat av det på økonomien. Me har nettopp vedtatt eit offensivt budsjett som me skal prøva å halda. Eg er veldig godt fornøgd med kursen, me er ikkje friskmelde, men det ser ut til å gå rett veg, seier han vidare.

Les også

Bryne fekk mest då Time-politikarane åt kake og vedtok budsjett

Les også

Rådmannen vil ha vindmølleskatt og utsetja symjehallen

– Ein slags unntakstilstand

Sidan pandemien slo inn har kommunen operert i «ein slags unntakstilstand», slår kommunedirektøren fast i ei orientering om året som var.

Kommunale tilbod måtte stengja og opna fleire gongar, mens fokuset har vore på kostnadsreduserande tiltak.

Det var lenge usikkert korleis staten ville kompensera kommunane og kva kommunane sine kostnader med pandemien ville verta.

– I denne situasjonen har dei tilsette vist lojalitet og godt samarbeid på tvers av avdelingar og dei har stått på for å levera ei best mogleg teneste innanfor dei til ei kvar tid gjeldande smittevernreglane, seier kommunedirektør Trygve Apeland.

– Leiarane og alle tilsette har vist stor fleksibilitet og stor omstillingsdyktigheit i den situasjonen som har vore. Samstundes som gode tenester er leverte, er dette gjort på rasjonell og effektiv måte, held han fram.

Kostbar pandemi

Pandemien kosta Time kommune 45 millionar kroner i 2020. Dette omfattar auka kostnader, inkludert eiga luftvegslegevakt oppretta saman med nabokommunane, men også reduserte inntekter.

Den største endringa i reduserte inntekter er ein nedgang i skatteinngangen, som var på 18 millionar kroner.

Arbeidsløysa var i mars oppe i 8,9 prosent. Arbeidsmarknaden betra seg gradvis ut over året, ved utgangen av 2020 var 2,5 prosent av arbeidsstyrken heilt ledige.

Andre store endringar i reduserte inntekter er eit netto inntektstap på Bryne kino på om lag 6 millionar kroner, og redusert foreldrebetaling i SFO og barnehage på 5,8 millionar kroner.

I 2020 investerte kommunen for 260 millionar kroner der Vardheia ungdomsskule, som er eit fellesprosjekt for Klepp og Time, er den største investeringa. For å finansiera investeringane måtte kommunen låna 112,7 millionar kroner.

Årsresultatet i Hå kommune vart presentert i kommunestyret torsdag kveld. Med eit netto driftsresultat på nesten 99 millionar, som utgjer 6,3 prosent av driftsinntektene, enda kommunen langt høgare enn budsjettert.

Les også

Over 98 millionar i overskot i koronaåret: – Eit veldig godt resultat

Les også

Tapa ved Bry­ne kino har kos­ta meir enn luft­vegs­le­ge­vak­ta