Finn du ikkje passet? Sjekk kor du kan ordna naudpass

PASS: Det er muleg å bestilla både vanleg pass og naudpass på Jæren lensmannskontor.

PASS: Det er muleg å bestilla både vanleg pass og naudpass på Jæren lensmannskontor.

Kva gjer du når reisedatoen er nær og du plutseleg ikkje finn passet?

DEL

Det er mogleg å få ordna pass i siste liten. Då er det naudpass som er løysinga.

Eit naudpass er eit pass ein kan få på staden, men det er ikkje ei optimal eller langvarig løysing. Desse passa er kun gyldige for ei enkeltreise.

Når du får eit naudpass, vil det ordinære passet ditt automatisk bli ugyldig.

Passeigaren er også pliktig til å levera tilbake både naudpass og ordinært pass etter reisa.

Fleire lensmannskontor har i seinare tid avvikla passtenesta. Politiet opplyser i ei pressemelding at det framleis vil bli utsteda naudpass ved desse lokasjonane.

Politiet minner også om at det er viktig å sjekka passet i god tid før avreise.

Her kan du få naudpass i Sør-Vest politidistrikt i sommar:

Sauda lensmannskontor

Haugesund politistasjon (utsteder ordinært pass)

Karmøy lensmannskontor (utsteder ordinært pass)

Stord lensmannskontor (utsteder ordinært pass)

Vindafjord lensmannskontor (utsteder ordinært pass)

Randaberg lensmannskontor (utsteder ordinært pass)

Egersund politistasjon (utsteder ordinært pass)

Sandnes politistasjon (utsteder ordinært pass)

Jæren lensmannskontor (utsteder ordinært pass)

Søre Ryfylke lensmannskontor

Sirdal lensmannskontor

Lund lensmannskontor

Stavanger lufthamn politistasjon


Artikkeltags