– Voldsomt skuffa over pelsdyrvedtaket

I OSLO: Frå venstre: Knut Åge Gjersdal, leiar i Søre Hå Bondelag, stortingsrepresentant Margret Hagerup (H), minkoppdrettar Vegard Qvalbein og Bertran Trane Skadsem, leiar i Norges Pelsdyralslag.

I OSLO: Frå venstre: Knut Åge Gjersdal, leiar i Søre Hå Bondelag, stortingsrepresentant Margret Hagerup (H), minkoppdrettar Vegard Qvalbein og Bertran Trane Skadsem, leiar i Norges Pelsdyralslag. Foto:

Av

Jan Ove Horpestad, leiar i Rogaland Pelsdyrlag, vil bruka helga på å slappa av. Deretter vil han bretta opp ermene og arbeida vidare for ei best mogleg erstatning for pelsdyrbøndene.

DEL

- Akkurat no er eg berre utruleg skuffa. Me var ein delegasjon frå Jæren som fulgte debatten i Stortinget, og me såg tidleg kva veg det gjekk, seier Jan Ove Horpestad, som fredag føremiddag sat på flytoget på veg til Gardermoen for å reisa heim igjen til Jæren.

Pelsdyr i 20 år

Med 101 mot 68 stemmer vedtok Stortinget natt til fredag at det skal bli forbode å halda pelsdyr frå 1. februar 2025. Det Horpestad er mest skuffa over, er uvissa kring kva erstatning som pelsdyrbøndene vil få.

– Ap har fem landsmøtevedtak om at pelsdyrnæringa bør leggjast ned. Likevel stemte partiet imot nedlegging i Stortinget. Årsaka var nettopp uvissa kring erstatning som ligg i vedtaket som er gjort. At Ap stemde imot, fortel mykje om kor lite konkret me har å forhalda oss til, seier Jan Ove Horpestad.

LES OGSÅ: Stortinget stemte natt til fredag. Pelsdyrnæringa blir avvikla innan 2025

Sjølv har Horpestad, som er 49 år gammal, arbeidd med pelsdyr i 20 år.

– Me tok over ein slektsgard som hadde vore i familien sidan 1960, fortel pelsdyrbonden i Klepp.

– Politikarane har brukt rå makt

– Forbodet blir innført frå 1. januar 2025. Når reknar du med å leggja ned pelsdyrhaldet på garden din?

– Det er litt viktig at me som pelsdyroppdrettarar samhandlar. Mellom anna har det med produksjonen av pelsdyrfór i Sirevåg å gjera. Blir det mange som sluttar før 2025, kan det henda at det ikkje lenger blir lønsamt å halda fram med fórproduksjonen, svarer Horpestad.

Bertran Trane Skadsem, leiar i Norges Pelsdyralslag, meiner pelsdyrsaka syner at politikarane har fjerna seg frå folket.

– Det er berre spelet som betyr noko. Politikarane har brukt rå makt til å skuva 200 familiar ut i stor uvisse og potensiell økonomisk ruin. Dette er respektlaust alle familiane som har stolt på politikarane, seier Trane Skadsem.

Lever i uvisse

Pelsdyrbøndene sit no med ein lovnad om at ingen skal få «urimeleg utslag» i utmålinga av kompensasjon, og at Stortinget skal vera direkte involvert i arbeidet med endeleg forskrift.

– Det er fullstendig uklart kva som ligg i «urimeleg utslag». Landbruksminister Olaug Bollestad sa frå Stortingets talarstol at fem millionar i tap i marknadsverdi var klart urimeleg. Saksordførar Morten Ørdal Johansen sat seinare på Dagsnytt 18 og lova full taksering av alle anlegg, medan Bollestad hevda at bokført verdi skal liggja til grunn. Carl I. Hagen lova betre rettar enn ved ekspropriering. Alt dette skapar stor uvisse for familiane som har barn og store forpliktingar, seier Bertran Trane Skadsem.


LES OGSÅ: Pelsdyrbøndene fiskar etter éin siste utbrytar, men får ikkje napp hjå Margret Hagerup




Artikkeltags