Person i Hå er koronasmitta

Tysdag fekk Hå sitt første bekrefta tilfelle av koronavirus. Vedkomande var allereie i karantene.

DEL

- 10. mars vart det bekrefta at ein person busett i Hå har fått påvist smitte av koronavirus. Personen var allereie definert som nærkontakt, og heile familien var i karantene da symptoma oppstod, skriv Hå kommune i ei pressemelding.

- Andre personar som har hatt nær kontakt med vedkomande, er allereie blitt kontakta direkte av helsepersonell i kommunen. Dei vil òg få karantene i 14 dagar etter kontakten med vedkomande, heiter det vidare i meldinga.

Frå før har det kome meldingar om at to personar busett i Time og ein person busett i Klepp har testa positivt på koronaviruset.

Artikkeltags