Person i Time har testa positivt på korona

Søndag blei det bekrefta at viruset også har komme til Time.

DEL

– 8. mars vart det bekrefta at ein person busett i Time kommune har testa positivt på koronavirus. Vedkommande har berre lette plager, er i relativt god form og er i heimeisolering. I tråd med dei nasjonale føringane vil lokalt helsevesen følgja opp personen som er smitta, skriv Time kommune i ei pressemelding.

Vedkommande vart smitta på reise i eit av landa som har vedvarande utbrot av koronaviruset.

– Ut frå eit føre-var-prinsipp driv ein nå oppsporing av moglege nærkontaktar. Personar som har vore i nær kontakt med den smitta vil bli kontakta direkte med informasjon om kva dei skal gjera, heiter det i pressemeldinga.

– Det er ikkje overraskande at me nå har fått smitte også i Time, og me har førebudd oss på dette i tråd med nasjonale føringar, seier kommuneoverlege Øystein Øgaard.

– Det er viktig at kvar og ein bidrar til å avgrensa smitte. Følg Folkehelseinstituttet sine råd om god handhygiene og hosting i papirlommetørkle eller olbogekroken. Personar som har vore i område med vedvarande smitte eller vore i direkte kontakt med smitta personar, og har symptom på luftvegsinfeksjon eller feber, må ringa fastlege eller legevakt, legg kommuneoverlegen til i pressemeldinga.

Time kommune opplyser ikkje om kjønn på den smitta, eller kor i kommunen vedkomande bur.

Frå før har ein person i Klepp fått påvist smitten. Den positive testen der kom onsdag i førre veke.

Artikkeltags