Traktor tok fyr i Hå - ingen personar blei skadde

Naudetatane fekk ved 18.20-tida torsdag melding om brann i ein traktor i Hå.

DEL

Traktoren som brann, stod på Elgane ved Varhaug. Naudetatane fekk melding om brannen i kjøretøyet ved 18.20-tida torsdag.

– Traktoren stod og sveiv for seg sjølv, og føraren var ute av kjøretøyet då det tok fyr. Traktoren stod sju-åtte meter frå løa då han byrja å brenna, og det var aldri fare for at brannen skulle spreia seg, seier brannsjef Per Ivar Aniksdal til Jærbladet.

Aniksdal seier at kjøretøyet er heilt utbrent.

– Det er førebels ikkje mogleg å seia noko om årsaka til at kjøretøyet tok fyr. Traktoren som brann, er ikkje av nyaste årgang, men heller ikkje spesielt gamal, seier Aniksdal.

Artikkeltags