Skadeverk på Hå bibliotek på Nærbø

DEL

Tysdag føremiddag før bibliotekets opningstider, vart det meldt om skadeverk på Hå bibliotek på Nærbø.

Ifølgje biblioteket var det ein tilsett som skulle vaska vindauga, som oppdaga at det var fjerna nokre lister rundt eit vindauge og at det var ein brest i glaset. Folk er på jobb frå kvart på åtte, men biblioteket opnar ikkje før klokka 10.

Politioverbetjent Arild Oftedal ved Jæren lensmannskontor seier at det ikkje er meldt om spor om at nokon har tatt seg inn, og opplyser at politiet reiste ikkje ut til staden.

Artikkeltags