Bedriftseigar fakka ungdom som klatra opp på taket og gjorde hærverk

Fleire gonger har det vore hærverk på same bedrift på Vigrestad.

DEL

Måndag kveld då Vigrestad-bedrifta igjen blei utsett for hærverk, fekk bedriftseigaren fakka tre ungdommar som hadde tatt seg opp på taket. Politiet blei tilkalla, sidan ungdommane i 14-15 års alderen var vanskelege å ha med å gjera, melder politiet på Twitter.

Den eine av dei tre ungdommane forsvann frå staden før politipatruljen nådde fram.

Politiet snakka med dei to ungdommane som var igjen, og med foreldra deira.

Ei takplate blei øydelagt under hærverket måndag kveld. Meldinga om hærverket kom klokka 20.20.

Artikkeltags