Mann bar kniv på Nærbø, kvinne skadd i klammeri på Bryne

Ein mann i 50-åra blir meldt til politiet for å ha bore kniv på offentleg stad på Nærbø, opplyser Arild Oftedal, politioverbetjent ved Jæren lensmannskontor.

DEL

Det var måndag like før klokka 15.00 at mannen med kniven bli observert utandørs på Nærbø.

Cirka fem timar seinare, ved 20.00-tida måndag, fekk politiet melding ein brann i ei høyballpresse på ei mark ved i Nordsjøvegen i Hå. Årsaka til brannen var varmgang i reimer.

Ved 00.45-tida natt til tysdag fekk politiet melding om kroppsskade på ei kvinne i 40-års alderen i eit bustadhus på Bryne. Mistenkte er ein mann i 20-åra.

– Dei to hadde hamna i klammeri og kvinna fekk eit slag over nasen. Det er mogleg at nasen blei brekt. Mannen hadde besøksforbod i huset, opplyser Oftedal.

Klokka 01.00 natt til tysdag fekk politiet melding om eit innbrot i Sporvongane barnehage på Lyefjell. Ei rute var kust og ei dør var broten opp. Det er uvisst kva som er stole.

Gjerningspersonen blei observert syklande bort frå barnehagen i boblejakke og med svart sekk, opplyser politiet

Artikkeltags