40-åring fann ein grasflekk i Kleppekrossen, der sov han til politiet vekte han

DEL

Ein 19 år gammal gut som har vore kjent for å skapa trøbbel kring McDonald's Kleppe, vart bortvist av politiet. Det skjedde natt til laurdag 26. oktober, klokka 02.12.

- Det er ein ungdom som har laga mykje problem, nå og tidlegare, seier politioverbetjent Arild Oftedal ved Jæren lensmannskontor.

Omtrent samstundes låg ein mann i 40-åra og sov i ei rundkøyring eit stykke lenger opp i vegen frå Jærhagen. Han hadde funne seg ein grasflekk i rundkøyringa i Kleppekrossen, og trong hjelp frå politiet til å koma seg på beina. Han kom seg heim på eiga hand.


Artikkeltags