Berusa mann tatt på stolen motorsykkel på Kleppe

– Han er tatt for heile pakken, seier politioverbetjent Hans Kyllingstad om motorsyklisten som vart stoppa på Kleppe sundag.

DEL

Ved 14.30 tida sundag 14. juli vart ein mann i 20-åra stoppa av politiet. Han køyrde motorsykkel, men motorsykkelen var ikkje hans. Den stolne motorsykkelen hadde fått påsett falske kjennemerke.

At sykkelen var stolen og hadde falske skilt, var ikkje den einaste grunnen til at mannen burde ha gjort noko anna enn å køyra motorsykkel. Mannen har ikkje sertifikatet og har ikkje lov til å køyra motorsykkel.

Mannen politiet møtte på, sundag ettermiddag, var dessutan berusa. Han er sikta for fleire lovbrot, inkludert tjuveri.

Ber om tips etter innbrot på Bryne

Laurdag 13. juli vart det meldt om innbrot i ein einebustad i Snorresgate på Bryne. Innbrotet skjedde truleg natt til laurdag.

Ei rute i ei verandadør er knust. Det er ifølgje politioverbetjent Kyllingstad ikkje registrert nokon stolne gjenstandar.

Politiet har oppretta sak, men har ingen mistenkte og er såleis interesserte i tips.

Artikkeltags