Endå ingen dom i Marokko-saken

Dommen mot dei tre mennene som drap Maren Ueland og Louisa Vestager Jespersen blir utsett igjen. Neste rettsmøte er 18. juli.

DEL

Torsdag kveld melde NRK at dommen mot dei tre drapstiltate mennene i Marokko mest sannsynleg vil bli avgjort på det nye rettsmøtet neste torsdag. Dommen var venta å falle etter rettsmøtet den 11. juli.

Under rettsmøte på torsdag, bad forsvararen til mennene om ei psykiatrisk vurdering av dei tre hovudtiltalte. Ho meiner den kriminelle handlinga ikkje kunne vore utført av tilreknelege personar.

– Dei er ofre for fattigdom, fåkunne og hjernevask, sa advokaten til fleire av dei tiltalte, Hafida Meksaoui.

Advokat Meksaoui spurte retten om å utsette saka til ei slik vurdering er gjort. Neste rettsmøte er no sett til torsdag neste veke.

Har tilstått

Dei tre drapstiltalte har tilstått handlinga, og ein fjerde hovudtiltalte er dømd til 10-års fengsel i Marokko for å ha delteke i ein terrororganisasjon, å ha forsvart terror og for å ikkje ha meldt ifrå om ei kriminell handling. Han er ikkje funne skyldig for sjølve drapa.

LES OGSÅ:

Artikkeltags