Hadde stole sykkel, men hugsa ikkje kor

DEL

Ved 21-tida onsdag kveld trefte politipatruljen på ein gammal kjenning som sykla i Bryne sentrum. Dei stoppa og snakka med han, og mannen i 40-åra innrømte at han hadde stole sykkelen han sat på. Men dessverre var han ikkje i stand til å gjera greie for kor han hadde teke sykkelen.

– Sidan me ikkje veit kor han høyrer til, blei sykkelen teken inn her på Jæren lensmannskontor. Det er snakk om ein sølvgrå Diamant Range, opplyser politioverbetjent Arild Oftedal.

Artikkeltags