Slo seg vrang då han fekk feil pizza

DEL

Mannen i 20-åra fekk onsdag kveld servert feil pizza på ein pizzarestaurant på Bryne. Dette gjekk så sterkt inn på han at han begynte å skapa seg og laga eit veldig spetakkel.

Betjeninga på restauranten fann det tryggast å varsla politiet, som rykka ut.

- Han fekk rett pizza etter kvart, og saka blei oppgjort på staden. Det blir ikkje oppretta straffesak, konstaterer politioverbetjent Arild Oftedal ved Jæren lensmannskontor.

– Fekk patruljen med seg den feillaga pizzaen, kanskje?

– Nei, det trur eg ikkje dei gjorde, seier Oftedal.


Artikkeltags