Mann med skjegg observert medan han stal el-sykkel på Bryne

Ein mann, truleg i 30-års alderen, blei observert medan han stal ein el-sykkel ved jernbanestasjonen på Bryne ved 18.00-tida torsdag kveld.

DEL

– Mannen hadde langt, blondt skjegg, og han forsvann i retning Bryne kino, opplyser Arild Oftedal, seksjonsleiar ved Jæren lensmannskontor.

Mannen var kledd i joggebukser, og han sykla på den stolne el-sykkelen i retning Bryne kino.

Sykkelen han stal, er svart og hadde batteriet på bagasjebrettet.

Artikkeltags