Nektar straffskuld etter valdsepisode på Kvernaland

To menn måtte til sjukehus, to menn måtte i arresten.

DEL

To unge menn er sikta etter ein valdsepisode i ein bustad på Kvernaland søndag. Den eine er heimehøyrande i Klepp, den andre i Time. Begge blei pågripne på heimeadressene sine.

Måndag kveld opplyser Stavanger Aftenblad at den yngste av dei to mennene ikkje erkjenner straffskuld.

Ørjan Eskeland, som forsvarar mannen, fortel til avisa at klienten hans har vore i avhøyr. Eskeland vil ikkje seia noko om detaljane i det som har blitt sagt.

Politiadvokat Tor Arvid Bruskeland opplyste søndag til Jærbladet at det er observasjonar som knyter dei to pågripne mennene til hendinga. To menn, i 30- og 60-årsalderen, vart skadde i valdshendinga.

Politiet fekk melding om krangling og vald på adressa rundt 07.00 søndag morgon og rykka då ut. Naboar har fortalt til Jærbladet at det har vore festbråk frå huset, det var roping og støy rundt same tidspunkt som politiet vart kontakta.

Tysdag morgon skal det haldast fengslingsmøte i saka.

Artikkeltags