- Han synest ikkje det er så alvorleg det han har gjort, og synest det er løye at det har fått så mykje merksemd

JÆREN TINGRETT: Det store spørsmålet i sal 2 i tingretten er om den drapstiltalte 18-åringen frå Varhaug kan dømmast til fengselsstraff eller ikkje.

JÆREN TINGRETT: Det store spørsmålet i sal 2 i tingretten er om den drapstiltalte 18-åringen frå Varhaug kan dømmast til fengselsstraff eller ikkje.

Den drapstiltalte 18-åringen trudde ikkje at Varhaug-drapet skulle få meir merksemd enn om han vart tatt for bilkøyring utan lappen.

DEL

Ein 18 år gammal mann frå Varhaug er tiltalt for å ha drepe Sunniva Ødegård (13) natt til 30. juli i fjor. Det er i utgangspunktet sett av ni dagar i Jæren tingrett til rettssaka.

Torsdag tok Kristin Jørstad Fredriksen, overlege ved sikkerheitsposten ved Stavanger universitetssjukehus, plass i vitneboksen. Jørstad Fredriksen har hatt 20 lengre samtalar med 18-åringen; tre i Stavanger fengsel samt 17 på sjukehuset, der han for tida er innlagd på psykiatrisk avdeling.

Ifølge legen har tiltalte valdspotensial og sjølvmordsrisiko. Derfor er det bestemt at han skal vera tvangsinnlagd i alle fall til over rettssaka, og han får tilsyn kvart femte minutt heile døgnet.

Jørstad Fredriksen fortalde at 18-åringen begynte på antipsykotika tidlegare i vår, etter eige ønske. Etter ei stund slutta han på dette, utan å orientera legane før denne veka.

Forklaringa skal ha vore at han ikkje ville gå opp i vekt, noko som ofte skjer når ein bruker slik medisin. Sidan han trudde at han vart tvangsmedisinert, sa han ikkje frå fordi han frykta at han då ville få medisinen i sprøyteform i staden for tablettar.

Manglande forståing

Til legane har tiltalte mellom anna omtalt seg sjølv som «djevelen i verda». Han har òg tidvis sett på seg sjølv som broren til DJ-en Avicii, og vart veldig skuffa då han ein periode ikkje fekk laga musikk. I tillegg føler han at pop-songen «Sweet but Psycho» av Ava Max handlar om han.

18-åringen har fortalt til legane at han opplevde seg som eit sentrum, i midten av alt som skjer. Mellom anna følte han at ein mobilreklame på TV vart sendt for å plaga han, sidan han ikkje fekk ha mobiltelefon i fengselet.

Seinast tysdag denne veka hadde Jørstad Fredriksen ein samtale på 70 minutt med 18-åringen.

– Han smilte då me snakka om drapet. Han er ute av stand til å setja seg inn i andre sin situasjon. Han snakka om splatterfilmar og lo høgt, fortalde ho i retten.

Ifølge overlegen har tenåringen frå Varhaug manglande forståing av kor alvorleg eit drap faktisk er.

– Han seier først at han trur han får ti års fengsel. Så seier han at han kanskje ikkje fortener straff på grunn av musikktalentet sitt. Han synest ikkje det er så alvorleg det han har gjort, og synest det er løye at det har fått så mykje merksemd, sa Jørstad Fredriksen.

– Han trudde ikkje dette skulle få meir merksemd enn å bli tatt for bilkøyring utan lappen.

Fengsel eller sjukehus?

18-åringen har fått diagnosen paranoid schizofreni. Ifølge Tor Inge Borgersen, som er forsvararen til 18-åringen, meiner dei at den tiltalte var psykotisk drapsnatta og at han ikkje kan straffast. Aktoratet meiner psykosen var sjølvpåført gjennom rus, og at den unge mannen dermed kan dømmast til fengselsstraff eller forvaring.

Onsdag var det mellom anna fokus på rusbruk i tingretten. Rusekspert Gudrun Høiseth ved Folkehelseinstituttet opplyste om at blodprøver, urinprøver og hårprøver viste at tiltalte røykte hasj jamleg i fleire månader før drapet, og at inntaket av cannabis var stort like før drapskvelden.

Borgersen lurte på om langvarig bruk av cannabis kan utløysa underliggande schizofreni.

– Inntak av hasj kan føra til at psykotiske trekk blir synlege, sa Høiseth som svar på spørsmålet på generelt grunnlag, men understreka samtidig at ho ikkje er ekspert på schizofreni.

– Av dei aktuelle stoffa i denne saka, er intensiv bruk av THC (det viktigaste verkestoffet i cannabis/hasj, red. anm.) det med mest potensial for å utløysa psykose, konkluderte ruseksperten.

Trur på primærpsykose

Begge dei sakkunnige i rettssaka, psykiater Tor Ketil Larsen og psykolog Dan Tungland, hadde torsdag fleire spørsmål til Kristin Jørstad Fredriksen om psykose.

Jørstad Fredriksen sa mellom anna at det er vanskeleg å skilja mellom rusutløyst psykose og primærpsykose – altså psykose som i utgangspunktet ikkje skuldast rusbruk.

Tungland lurte på om det kunne ha vore ein rusutløyst psykose hjå tiltalte på drapstidspunktet som deretter gjekk over i ein primærpsykose seinare, etter at rusbruken tok slutt i fengselet. Ifølge Jørstad Fredriksen kan dette vera teoretisk mogleg, men ho trur mest på at det har vore ein primærpsykose heile tida.

Larsen og Tungland skal forklara seg i retten måndag 3. juni. Dei to ekspertane observerer tiltalte gjennom heile rettssaka.

Ser ikkje noko rasjonelt motiv

Ifølge overlege Kristin Jørstad Fredriksen har 18-åringen vanskeleg for å setja seg inn i kva andre tenker og føler.

– Han blir ikkje trist for dei same tinga eg tenker at eg blir trist for. Det som verkeleg gjorde utslaget den dagen han vart lagd inn, var ikkje drapet, men at han ikkje fekk gå på skule og lage musikk. Om han ikkje får laga musikk, blir han veldig lei seg og frustrert.

Under forklaringa si i retten, sa 18-åringen at han trudde familien til Sunniva har hatt det «ekstremt vondt» på grunn av drapet. Tingrettsdommar Gunn Elin Lode lurte på om kommentarane om foreldra er noko han berre føler det passar å seia, altså at han ikkje meinte det då han sa det.

– Han sa jo noko heilt anna til oss seinast tysdag, poengterte Jørstad Fredriksen.

– Trur du at det er tilfeldig at han seier noko anna i retten enn til deg? spurde dommaren.

– Han seier jo litt forskjellig til meg òg. Eg trur han prøver å setja seg inn i korleis andre har det, men eg trur ikkje han klarer heilt å forstå kor vanskeleg dette er for familien til Sunniva, forklarte Jørstad Fredriksen.

Overlegen konkluderte med at dei ikkje klarer å sjå noko rasjonalt motiv bak drapet.

– Valdsrisikoen er uavklart, og det er mykje hjå tiltalte som ennå er høgst ustabilt.

Artikkeltags