Drapstiltalt 18-åring kjøpte bensin før skulebrann på Varhaug

BRANN: Slik såg det ut på baksida av Varhaug ungdomsskule laurdag 7. juli 2018.

BRANN: Slik såg det ut på baksida av Varhaug ungdomsskule laurdag 7. juli 2018. Foto:

Etterpå fortalde han på fest at han stod bak brannen.

DEL


Både torsdag 5. juli og natt til laurdag 7. juli 2018 braut det ut brann på Varhaug ungdomsskule. 18-åringen som er tiltalt for å ha drepe Sunniva Ødegård (13) er òg tiltalt for å ha stått bak brannen som oppstod rundt midnatt natt til 7. juli.

Onsdag ettermiddag forklarte ein kvinneleg politibetjent, som var ved skulen natt til 7. juli, seg i retten.

– Brannen skal ha skjedd på baksida av ungdomsskulen, der det ikkje er innsyn frå naboar eller frå hovudvegen, fortalde ho.

Ifølge politibetjenten hadde brannvesenet allereie sløkt brannen då politiet kom. Politipatruljen fekk melding om at brannen hadde starta på same staden som det hadde vore innbrot og brann tidlegare.

Det var spikra ei plate over eit knust vindauge, så hadde nokon helt inn bensin og tent på.

Politibetjenten fortalde at etterforskinga viste at bankkortet til den 18 år gamle mannen blei brukt til å kjøpa bensin på ein lokal bensinstasjon i forkant av brannen.

Sa på fest at han hadde tent på

Etterpå tok ein tenåringsgut frå Varhaug plass i vitneboksen. Han var på ein fest saman med tiltalte natt til 7. juli.

Vitnet forklarte at tiltalte fortalde at han stod bak brannen på skulen.

– Sa han noko om kvifor? spurde aktor, statsadvokat Nina Grande.

– Det hugsar eg ikkje, sa vitnet, som opplyste om at den då 17 år gamle guten òg hadde sagt at han ikkje hadde det bra.

Ville ha med kamerat

Tysdag vitna ein kamerat av 18-åringen. Han fortalde mellom anna at tiltalte hadde fortalt at han hadde vore inne på ungdomsskulen. Kameraten fekk tilbod om å bli med på å utøva hærverk mot skulen.

– Han spurde om eg kunna møta han der med ei flaske bensin. Han spurde òg om eg kunne ta med fyrverkeri som han kunne skyta inn på ungdomsskulen. Men eg sa at eg ikkje ville vera med på det, forklarte tenåringen i retten.

Tiltalte sa i retten at han ikkje hugsar noko om dette, men at det nok er sannsynleg at det var han som helte bensin inn og tente på.

I avhøyr har 18-åringen blitt konfrontert med at han 6. juli såg på to videoar om korleis tenna på hus. Aktor, statsadvokat Nina Grande, lurte på om han blir inspirert av slike videoar.

– Det kan vera ein samanheng, men eg kan ikkje hugsa dette, sa tiltalte.

Aktor prøvde òg å finna ut litt meir om motivet for å tenna på skulen, men fekk få gode svar frå 18-åringen.

Tilstod drapet etter samtale med mora

Mot slutten av dagen onsdag forklarte ein kvinneleg politioverbetjent i Kripos seg via telefon. Ho var til stades i Bjørgvin fengsel 6. august då tenåringen frå Varhaug tilstod drapet på Sunniva Ødegård.

To etterforskarar organiserte ein telefonsamtale mellom tiltalte og mora. Han fekk låna ein telefon frå fengselet, men måtte ha på høgtalaren, så etterforskarane høyrde kva som blei sagt. Han fekk heller ikkje snakka om noko som hadde med drapssaka å gjera.

Etter 10-15 minutt avslutta den då 17 år gamle guten samtalen for å stilla nokre spørsmål til politiet. Han spurde mellom anna om kva som kunne vera maksimumsstraffa for den som hadde drepe Sunniva Ødegård.

– Så sa han, på eige initiativ, at politiet skulle vita at det var han og ein til som hadde gjort det, fortalde Kripos-etterforskaren.

Dagen etter vart tenåringen avhøyrd ved Nordhordland lensmannskontor. Då gjentok han det han hadde sagt dagen før.

Artikkeltags