Drapstiltalt 18-åring trur at Avicii er hans hemmelege bror og styrer tankane hans frå himmelen

- Han tenker òg at Avicii la igjen ein bodskap til han i den siste songen han laga før han døydde, fortalde psykologspesialist i retten.

DEL

Mykje av rettssaka mot den 18 år gamle mannen som er tiltalt for å ha drepe Sunniva Ødegård handlar om psykisk helse. Tenåringen frå Varhaug har erkjent å ha drepe 13 år gamle Sunniva, men meiner han ikkje var tilrekneleg.

Ifølge Tor Inge Borgersen, som er forsvararen til 18-åringen, meiner dei at den tiltalte var psykotisk drapsnatta. Dermed kan han ikkje straffast på lik linje med friske personar, men må eventuelt dømmast til tvungent psykiatrisk helsevern i staden for fengsel eller forvaring. Aktoratet meiner derimot at psykosen var sjølvpåført gjennom rus.

Torsdag henta Borgersen inn fleire vitne frå fengsel og sjukehus. Først ut i vitneboksen var Kristin Jørstad Fredriksen, overlege ved sikkerheitsposten ved Stavanger universitetssjukehus.

Jørstad Fredriksen har hatt 20 lengre samtalar med 18-åringen; tre i Stavanger fengsel samt 17 på sjukehuset, der han for tida er innlagd på psykiatrisk avdeling. Ho fortalde mellom anna at ho tysdag denne veka hadde ein samtale på 70 minutt med 18-åringen.

– Han smilte då me snakka om drapet. Han er ute av stand til å setja seg inn i andre sin situasjon. Han snakka om splatterfilmar og lo høgt, fortalde ho i retten.

Ifølge overlegen har tenåringen frå Varhaug manglande forståing av kor alvorleg eit drap faktisk er.

«Emosjonelt flat» og «egosentrisk»

Psykologspesialist Morten Wiig Bjorland var nestemann ut. Han er tilsett ved Stavanger universitetssjukehus, men er utplassert i Stavanger og Åna fengsel deler av arbeidstida og driv mellom anna med utgreiing av innsette.

Wiig Bjorland har hatt 17 samtalar med 18-åringen frå september til tiltalte vart innlagd ved sjukehuset 28. mars. Wiig Bjorland fortalde mykje av det same som Kristin Jørstad Fredriksen, og opplyste i tillegg at drapstiltalte har opplevd at han sjølv er meir spesiell enn andre.

– Han har vore slik sidan ungdomsskulen, seier han. Men at han var rarare før han vart fengsla, sa psykologspesialisten i retten.

Wiig Bjorland skildra den drapstiltalte håbuen som «emosjonelt flat» og «egosentrisk».

Får laga musikk på sjukehuset

Tingrettsdommar Gunn Elin Lode stilte så eit oppfølgingsspørsmål til Jørstad Fredriksen om kva slags oppfølging 18-åringen får under rettssaka.

Overlegen kunne då fortelja at tenåringen er under skjerming på sjukehuset, med to-til-ein-bemanning.

– Han får lufting når politiet har tid til å ta han med ut, og får driva med musikk når han vil driva med det. Nokre dagar er han kjempesliten når han kjem tilbake frå retten, andre dagar verkar han heilt upåverka, fortalde Jørstad Fredriksen.

Ho understreka så at tiltalte verka veldig sliten etter første dagen i retten, og etter den dagen då faren og onkelen vitna i retten.

– Knakk heilt saman

Neste vitne var miljøarbeidar Bård Kvamme Schanche i Stavanger fengsel, som har vore musikkinstruktør for 18-åringen i fengselet. Han omtala tiltalte som stillferdig og flink til å hjelpa andre.

– Ein dag var det nokon som fekk han til å rappa. Då synest eg han var tøff, fortalde han.

Ifølge miljøarbeidaren har det gått litt «opp og ned» med tiltalte i fengselet. Den siste dagen før han vart overført til sjukehus skulle 18-åringen ha musikk, men det blei ikkje noko av. Dette var den dagen drapstiltalen kom.

– Då knakk han heilt saman. Eg trur han fekk ein slags panikk. Han fekk eit samanbrot, rett og slett. Då trur eg alle i fengselet forstod at han var for sjuk til å vera i fengsel, sa Kvamme Schanche.

Miljøarbeidaren har inntrykk av at 18-åringen fungerer godt når ting er oversiktleg, og at han veit kva som skal skje. Oppførselen og reaksjonane til tenåringen minner mykje om andre elevar som han har hatt med Asperger-diagnose.

Trur at Avicii skal koma igjen frå dei døde

Wenche Ten Velden Hegelstad er psykologspesialist ved Stavanger universitetssjukehus. Ho har gjennomført eit såkalla SCID-intervju med 18-åringen. Dette er eit diagnostisk intervju med ei steg-for-steg-vurdering gjennom diagnosearbeidet.

Hegelstad fortalde at 18-åringen sa at han opplevde at ting som skjedde på TV og i musikk var retta konkret mot han.

Dette var òg Kristin Jørstad Fredriksen innom tidlegare på dagen. Ho opplyste at tiltalte mellom anna følte at ein mobilreklame på TV vart sendt for å plaga han, sidan han ikkje fekk ha mobiltelefon i fengselet. Det vart òg nemnt at 18-åringen tidvis har sett på seg sjølv som broren til DJ-en Avicii.

Avicii vart òg eit sentralt tema i forklaringa til Wenche Ten Velden Hegelstad.

– Han seier spontant til meg at han lurer på om mor og far er dei verkelege foreldra hans. Han trur at Avicii er hans hemmelege bror, og at han derfor har andre foreldre. Han tenker òg at Avicii la igjen ein bodskap til han i den siste songen han laga før han døydde, og at Avicii skal koma igjen frå dei døde, fortalde ho.

Ifølge psykologspesialisten fortalde 18-åringen så at han såg og høyrde djevelen, og at drapet ikkje var så alvorleg. I tillegg meiner han at Avicii har lagt igjen musikk i hovudet hans, og styrer tankane hans frå himmelen.

Konklusjonen til Hegelstad er at den drapstiltalte tenåringen har hatt aktive psykosesymptom i seks månader utan rus. Ho ser heller ikkje vekk frå at han kan ha hatt psykose utan rus òg før drapet. Samtidig kom det òg fram i vitnemålet til Hegelstad at 18-åringen ikkje fekk påvist psykose då han var innlagd ved Sandviken sjukehus i Bergen i fjor haust.

Fredag er det pause i retten. Måndag 27. mai blir det mellom anna gjennomgang av internettsøk og digitale spor. Mor til Sunniva Ødegård og kameratar av tiltalte skal òg forklara seg for retten. Så blir det ny pause til måndag 3. juni. Då skal dei rettsoppnemnde sakkunnige, ein psykolog og ein psykiater, forklara seg. Deira konklusjonar blir truleg sentrale når aktoratet og forsvararane skal ha sine avsluttande prosedyrar tysdag 4. juni.

Artikkeltags