Faren til drapstiltalt 18-åring er tiltalt for å ha øydelagt bevis

Kan bli straffa for å ha vaska klede og tørka av hammar.

DEL

Statsadvokat Oddbjørn Søreide opplyser til NRK at faren til den tiltalte i Varhaug-saka er tiltalt for å ha forsøkt å unndra bevis i drapssaka.

Faren er tiltalt etter paragraf 160 i straffelova, som mellom anna handlar om å påverka bevis. Dette har ei strafferamme på inntil to års fengsel.

Ifølge Søreide går tiltalen ut på at Varhaug-mannen vaska kleda til sonen morgonen etter drapet. Faren tørka også blod frå skaftet på ein hammar som han fann i huset. Denne hammaren brukte sonen til å drepa Sunniva Ødegård (13).

Måndag var faren i Jæren tingrett og vitna i straffesaka mot sonen. Frå vitneboksen fortalde han at han stussa over blodet på kleda til sonen, men trudde først på forklaringa om at det kom frå ein slåstkamp med ein kamerat.

– Han sa at han hadde slåst med ein kamerat som hadde blødd naseblod, sa faren i retten.

Spylte buksa i badekaret

Faren tenkte at det var for mykje blod på buksa til å vaska ho i vaskemaskina saman med resten av kleda. Han fekk derfor sonen til å spyla godt av buksa i badekaret først.

Litt etter oppdaga faren at han mangla hammaren sin. Han fann denne i sekken til sonen, og spurte den då 17 år gamle guten kva han hadde brukt hammaren til – sidan det var blod på skaftet.

– Eg hugsar ikkje heilt kva han svara til det, sa faren, som tenkte at hammaren kunne ha ein samanheng med slåstkampen sonen hadde fortalt om.

Blei med frivillig

Litt utpå dagen fann faren ut at sonen ikkje hadde slåst med den namngitte kameraten.

– Han sa då til meg at han hadde sykla på jenta etter at ho var død. Eg sa «stopp», og sa at «dette må du fortelja til nokon andre enn meg. Til politiet», fortalde faren.

Ikkje lenge etter ringde onkelen til den då 17 år gamle guten til politiet og sa at nevøen ville koma til Bryne for å forklara seg.

I bilen snakka dei to saman, og onkelen forstod etter kvart at det var snakk om drap.

– Tårene trilla. Eg spurte om det kom mange bilde nå. Han sa ja. Då sa eg at me sluttar, forklarte onkelen i retten.

Den nå 18 år gamle mannen vart ganske kjapt sikta av politiet, og har vore varetektsfengsla heilt sidan han melde seg som vitne 30. juli.

Artikkeltags