Politiet kjempa mot tårene då dei fortalde om funnet

FUNNSTADEN: Sunniva Ødegård (13) vart funnen på ein grusveg ved jernbanesporet på Varhaug.

FUNNSTADEN: Sunniva Ødegård (13) vart funnen på ein grusveg ved jernbanesporet på Varhaug. Foto:

Slik opplevde vitne og politifolk drapsnatta på Varhaug.

DEL

Onsdag 15. mai starta rettssaka mot 18-åringen som er tiltalt for å ha drepe Sunniva Ødegård (13) natt til 30. juli i fjor. I løpet av dei to første dagane i Jæren tingrett kom det mellom anna fram at 18-åringen hadde søkt på nettet etter korleis han kunne drepa.

Det første vitnet måndag var ei kvinne i 40-åra frå Varhaug. Ho er mor til ein kamerat av Sunniva Ødegård, og Sunniva var på besøk hjå sonen fram til rundt klokka 22.30 søndag 29. juli.

Kvinna fortalde at ho vakna av at sonen ikkje sov.

– Eg trudde han sat og spela. Men han gjorde ikkje det. Han sat i telefonen med ein annan kamerat og sa at Sunniva var forsvunnen.

Etter kvart vart kvinna med på leitinga etter den forsvunne 13-åringen. Ho gjekk litt bortover grusvegen som går parallelt med jernbanesporet på Varhaug.

– Så såg eg noko som låg midt i vegen. Eg såg ikkje kva det var, men dess nærmare eg kom, såg eg at det var ein person.

– Surrealistisk

Den første tanken var det at dette ikkje var Sunniva, men ein person som hadde drukke litt for mykje.

– Eg lyste opp i andletet og såg at det ikkje var liv, men klarte framleis ikkje å sjå kven det var.

Ho sprang så og henta mannen sin og politioverbetjent Einar Farstad.

– Då politimannen kom opp, kjende han på Sunniva og jaga oss vekk.

Kvinna forstod først seinare at det var Sunniva ho hadde funne.

– Det var surrealistisk, avslutta ho frå vitneboksen.

Politimann prøvde å ta kontakt

Neste vitne var politimannen som kom først til staden, Einar Farstad. Han var på Varhaug på grunn av ei melding om innbrot i Trekløveren barnehage då han fekk beskjed om at faren til Sunniva hadde tatt kontakt med politiet og meldt om at dottera var sakna. Han og partnaren reiste heim til foreldra for å få ei beskriving av korleis ho såg ut.

Farstad vart så fortald at kjærasten til Sunniva hadde snakka med ho i telefonen då samtalen plutseleg vart broten og at ho sa «Oh, shit!».

– Faren hadde prøvd å ringa fleire gonger. Eg prøvde òg å ringa, og sende ei melding om at me var bekymra, fortalde politimannen.

Etter kvart køyrde han ned mot jernbanen og såg folk som var ute og leita med lommelykter. Så høyrde han eit skrik frå kvinna som hadde funne Sunniva.

– Eg køyrde opp stien og såg i lyskjegla frå bilen at det låg noko lenger oppe på stien. Eg sprang opp og kommanderte dei to andre vekk. Eg fann så Sunniva på grusstien.

Såg at ho var død

Den rutinerte politioverbetjenten slo kjapt fast at jenta ikkje hadde puls og at det var sterk bensinlukt på staden.

Farstad snakka så med folk som hadde leita etter Sunniva. Dei kunne opplysa om at ho ikkje hadde vore på grusvegen 15 minutt tidlegare. I tillegg var det nokon som hadde oppdaga blod i ei steintrapp utanfor ein bustad like ved.

– Då skjøna eg at gjerningspersonen ikkje var langt unna, fortalde han.

Etter kvart fann han ein sigarettsneip på jakka til Sunniva. Då forstod at nokon hadde prøvd å tenna på liket.

Farstad visste at foreldra til Sunniva budde nær funnstaden, så han valde å ta kontakt med mora og faren for å varsla dei om funnet. I tillegg sørgde han for at den drepne jenta vart skikkeleg tildekt.

– Eg ser du er prega. Dette var litt utanom det vanlege? spurde aktor.

– Ja, stadfesta Farstad.

Har nøyaktige tidspunkt

Så tok politibetjent Torbjørn Reiestad plass i rettssalen. Han var òg med på leiteaksjonen på Varhaug då Sunniva vart funnen.

Både Reiestad og Farstad kjempa mot tårene då dei fortalde om den dramatiske natta i fjor sommar. Reiestad fortalde til dei andre at han hadde gått på grusvegen kort tid før funnet.

– Og då låg ikkje ho der. Det er eg hundre prosent sikker på.

Sporing på radioen til Reiestad viser at han gjekk inn i dette området klokka 02.10 og 02.34.

Tungt å oppdaga Sunniva

Politioverbetjent Birgitte Markhus Andersen var den tredje polititilsette som vitna i retten måndag. Ho og makkeren vart sende til Trekløveren barnehage på Varhaug på grunn av melding om innbrot. Den drapstiltalte 18-åringen er tiltalt for å ha knust ei rute ved denne barnehagen.

Andersen vart kontakta av faren til Sunniva, som fortalde at han leita etter dottera si. Politioverbetjenten måtte ta til tårene då ho skulle fortelja om funnet av den døde jenta.

– Det som møter oss på stien, er fælt. Det første eg ser, er ei ung jente som ligg midt på grusstien, fortalde ho i retten.

– Eg ser at ho er drepen.

Midt i forklaringa til Andersen viste aktor eit bilde av Sunniva då politiet fann ho på stien. Den tiltalte 18-åringen såg tilsynelatande ikkje på bildet.

Artikkeltags