«Stopp. Dette må du fortelja til nokon andre enn meg. Til politiet».

I VITNEBOKSEN: Faren til 18-åringen frå Varhaug var måndag vitne i Jæren tingrett.

I VITNEBOKSEN: Faren til 18-åringen frå Varhaug var måndag vitne i Jæren tingrett. Foto:

Faren til drapstiltalte stussa over blodet på kleda til sonen.

DEL

Ein 18 år gammal mann frå Varhaug er tiltalt for å ha drepe Sunniva Ødegård (13). Dag tre i Jæren tingrett, måndag, starta med vitne og politi som var på staden då den døde jenta vart funnen natt til 30. juli 2018.

Så var det faren til tiltalte som skulle forklara seg. Han fortalde mellom anna at sonen var ein vanleg, høfleg gut som dessverre hadde utvikla eit rusproblem.

Faren valde på eit tidspunkt å ta kontroll over økonomien til tenåringen for at han ikkje skulle bruka meir pengar på rus.

– Det var ikkje så populært.

Oppdaga blod på kleda

Om morgonen 30. juli såg faren på mobilen at ei jente var funnen død på Varhaug. Litt seinare skulle han vaska klede, så han vekte sonen og spurte etter kleda hans òg. Då oppdaga han blod på kleda.

– Han sa at han hadde slåst med ein kamerat som hadde blødd naseblod, fortalde faren i retten.

Buksa mangla, så faren sende ut sonen for å henta ho inn. På buksa såg faren meir blod.

– Reagerte du på denne blodflekken? spurte aktor, statsadvokat Nina Grande.

– Eg lurte på om dei hadde slakta kvarandre, sa faren.

Forklaringa frå sonen var at kameraten hadde blødd frå munnen òg.

Faren tenkte at det var for mykje blod på buksa til å vaska ho i vaskemaskina saman med resten av kleda. Han fekk derfor sonen til å spyla godt av buksa i badekaret først.

Tok kontakt med politiet

Litt etter oppdaga faren at han mangla hammaren sin. Han fann denne i sekken til sonen, og spurte den då 17 år gamle guten kva han hadde brukt hammaren til – sidan det var blod på skaftet.

– Eg hugsar ikkje heilt kva han svara til det, sa faren, som tenkte at hammaren kunne ha ein samanheng med slåstkampen sonen hadde fortalt om.

I sekken fann faren òg ein genser og ein teiprull med litt blod på.

Litt utpå dagen fann faren ut at sonen ikkje hadde slåst med den namngitte kameraten. Han gjekk inn til tenåringen igjen for å spørja om kva som eigentleg hadde skjedd.

– Han sa då til meg at han hadde sykla på jenta etter at ho var død. Eg sa «stopp», og sa at «dette må du fortelja til nokon andre enn meg. Til politiet».

Like etter kom onkelen til tiltalte på besøk. Onkelen ringde til politiet og sa at nevøen ville koma for å forklara seg, og køyrde så 17-åringen til Bryne.

– Cirka 20 minutt etter at dei reiste, ringde politiet og sa at eg òg måtte koma til avhøyr, fortalde faren.

Midt i avhøyret fekk han vita at sonen var sikta av politiet.

Aukande rusbruk

Etter at aktor var ferdige med sine spørsmål, ville forsvarar Tor Inge Borgersen mellom anna vita litt om narkotikabruken til tiltalte.

Faren sa at han var stadig meir bekymra over kor ofte sonen røykte hasj.

– Dei siste to-tre vekene var det nok dagleg. Før det var det nok to-tre gonger i veka, i alle fall, sa faren, som òg kunna opplysa om at sonen ikkje hadde ein historikk med slåsting på skulen.

– Han var heller den som heldt seg i bakgrunnen og trekte seg vekk.

Har fått fleire diagnosar

Under forklaringa si på onsdag og torsdag sa 18-åringen mellom anna at han følte at andre kunne lesa tankane hans av og til, noko han opplevde som veldig stressande.

Psykolog Dan Tungland, som er til stades i Jæren tingrett som sakkunnig, spurde faren om han har høyrt noko om tankelesing frå sonen.

– Nei, han har aldri snakka om noko slikt til meg, sa faren, som ikkje ser vekk frå at sonen kan ha slite med angst.

– Han blei meir og meir åleine.

Den drapstiltalte tenåringen såg ned i bordet under heile forklaringa til faren. Den nå 18 år gamle mannen har vore varetektsfengsla heilt sidan han melde seg som vitne 30. juli.

18-åringen vart innlagd på psykiatrisk avdeling ved Stavanger universitetssjukehus i mars. Tiltalte har tidlegare opplyst i retten at han har fått diagnosane ADHD, schizofreni og Asperger. Han erkjenner å ha drepe Sunniva Ødegård, men nektar straffskuld fordi han meiner han var psykotisk.

Køyrde med onkelen til politiet

Onkelen til tiltalte var òg i retten for å forklara seg. Han fortalde at han sjekka opp i påstanden om slåstkamp, og fann ut at dette ikkje stemde.

Tårene rann frå nevøen då onkelen kom inn på rommet hans.

– Han var alvorstyngd. Det var ikkje sånn han pleidde å vera.

Onkelen ringde politiet, presenterte seg og sa at 18-åringen ville forklara seg om at han hadde vore på åstaden.

I bilen snakka dei to saman, og onkelen forstod etter kvart at det var snakk om drap.

– Tårene trilla. Eg spurte om det kom mange bilde nå. Han sa ja. Då sa eg at me sluttar.

Nokre veker tidlegare hadde ungguten sagt at han ville ta livet av seg. Onkelen opplyste om at nevøen var sjuk då han overleverte tenåringen til politiet, og sa at dei måtte vera forsiktige.

Elles omtala han 18-åringen som atletisk, aktiv og ein gild arbeidskar.

– Men me har jo sett at han har slite etter kvart. Han har vorte meir inneslutta. Han har endra karakter.

Likevel hadde ikkje onkelen trudd at nevøen kunne verta ein drapsmann.

– Han var ikkje typen til å verken slåst eller nokon ting. Han har jo vore saman med mange ungdommar hjå oss, og han har alltid vore skikkeleg og vanvittig høfleg.

Såg tiltalte kvelden før drapet

Dagen i retten vart avslutta med at aktor spelte av to videoopptak av tilrettelagde avhøyr.

Først var det kjærasten til Sunniva, som snakka med 13-åringen i telefonen då ho vart angripen på grusstien som går parallelt med jernbanesporet på Varhaug. Det har tidlegare kome fram i retten at dette var rundt klokka 22.45 søndag 29. juli.

– Ho sa «Oh, shit!» og så vart det heilt stille, fortalde ungguten.

Etterpå fekk retten sjå og høyra forklaring frå vennen til Sunniva som ho var på besøk hjå fram til cirka klokka 22.30.

Han kunne mellom anna fortelja at han såg den drapstiltalte 18-åringen då han var ute på Varhaug saman med Sunniva søndag kveld, ein gong mellom klokka 18 og 20.

Tysdag vil fleire vitne forklara seg i retten, mellom anna faren til Sunniva.

Artikkeltags