- Sunniva var ei sprudlande jente som visste kva ho ville

SELFIE: Dette bildet tok Sunniva Ødegård av seg sjølv 29. juli 2018. Kort tid seinare vart 13-åringen drepen. Bildet vart presentert av aktor i starten av rettssaka.

SELFIE: Dette bildet tok Sunniva Ødegård av seg sjølv 29. juli 2018. Kort tid seinare vart 13-åringen drepen. Bildet vart presentert av aktor i starten av rettssaka. Foto:

Faren til Sunniva Ødegård fortalde om ei omtenksam jente då han tysdag vitna i Jæren tingrett.

DEL

Ein 18 år gammal mann frå Varhaug er tiltalt for å ha drepe Sunniva Ødegård (13) natt til 30. juli i fjor. Dag fire i Jæren tingrett starta med eit kvinneleg vitne som fortalde om sine observasjonar på Varhaug søndag 29. juli.

Truleg såg ho den drapstiltalte 18-åringen gå eit stykke bak Sunniva, ikkje langt frå jernbaneundergangen i Møllevegen. Klokka var cirka 22.30. I politiavhøyr har vitnet forklart at ho trur det var ein gut/mann med sekk på ryggen og ei lyshåra jente.

Eit anna vitne, ein mann i 20-åra, kom køyrande i bil på Møllevegen rundt 22.30 drapskvelden.

– Eg observerte ei jente og ein gut som gjekk langsmed vegen. Det var ein meter eller to mellom dei, fortalde han.

Begge vitna sa i retten at dei to personane gjekk i kanten av vegen.

– Det var noko som ikkje heilt stemde, sa vitnet med bilen.

– Det var ei jente med blondt hår. Eg hugsa at ho gjekk og fikla med telefonen. Det var noko eg beit meg litt merke i. Så var det caps og sekk, sa han om den andre personen.

Faren prøvde å ringa

Tredje vitne tysdag var faren til Sunniva. Han forklarte at avtalen var at 13-åringen skulle vera heime til klokka 23. Klokka 22.48 prøvde han å ringa for å høyra om han skulle henta dottera, men opplevde at dei to anropa vart avviste.

– Det gjorde ikkje ho, understreka faren.

Han reiste til kameraten som Sunniva hadde vore på besøk hjå, og fekk beskjed om at ho hadde reist derifrå.

Den første mistanken var at ungjenta hadde reist til kjærasten i Egersund, så han sende ei tekstmelding og spurte om ho kunne ringa.

«Kan du ikkje berre ringa. Eg er ikkje sint, berre veldig redd», las aktor Nina Grande opp frå mobiltelefon-utskrifta.

Fekk telefon frå politiet

Faren køyrde litt rundt på Varhaug og såg etter den 13 år gamle jenta. Han snakka mellom anna med nokre ungdommar utanfor det lokale gatekjøkkenet, og køyrde òg til Nærbø for å leita.

Etter ei stund fekk han telefon med beskjed om at han måtte koma heim.

– Då visste eg kva som hadde skjedd. Om ho var i live, hadde dei jo sagt det med ein gong.

Aktor lurte så på om faren ville dela nokre minne om Sunniva.

– Ho var ei sprudlande jente som visste kva ho ville. Ho var veldig omtenksam, og ikkje så redd for ting. Ei veldig gild jente, sa faren.

JÆREN TINGRETT: Tysdag tok mellom anna faren til Sunniva Ødegård plass i vitneboksen i tingretten. På bildet ser me aktor i saka, statsadvokat Nina Grande.

JÆREN TINGRETT: Tysdag tok mellom anna faren til Sunniva Ødegård plass i vitneboksen i tingretten. På bildet ser me aktor i saka, statsadvokat Nina Grande. Foto:


Mange lange netter

Bistandsadvokat Harald Øglænd spurde så om korleis livet har vore for familien etter at Sunniva vart drepen.

– Det har vore mange lange netter, fortalde faren.

– Det har vore mykje grining, sa han medan tårene trilla i vitneboksen.

– Dette med at Sunniva vart funnen berre nokre få hus bortom der de bur. Er det noko de tenkjer over? spurde Øglænd.

– Nei, det hadde vore gale same kor dette skjedde, svarte faren.

– Eg går jo forbi der. Og det gjer dei andre òg. Men det er klart, minnet er der uansett når me går der.

– Me får smellane heile vegen

Faren fortalde òg om mange tøffe merkedagar det siste halvåret. Bursdagen til Sunniva, konfirmasjonstida, 17. mai.

– Når jula kjem, så er du på botnen igjen. Det blir mykje grining om nettene, sa han.

– Og nå retten. Me får smellane heile vegen.

– Korleis har det vore å følgja saka og få detaljane presentert? spurde Øglænd.

– Eg har jo visst det meste, for så vidt, men det er jo litt meir sterkt når ein sit her. Du får det frå ein person har som gjort det i tillegg.

Bistandsadvokaten lurte òg på om Sunniva kjende den drapstiltalte 18-åringen.

– Ho har i alle fall snakka om han, opplyste faren.

Den drapstiltalte 18-åringen såg ned i bordet heile tida medan faren til Sunniva forklarte seg.

Politiet kjempa mot tårene

Måndag fortalde tydeleg prega politimenn og -kvinner om funnet av Sunniva på ein grusveg ved jernbanen på Varhaug. Politimannen som kom først til staden, Einar Farstad, slo kjapt fast at jenta ikkje hadde puls og at det var sterk bensinlukt på staden.

Farstad snakka så med folk som hadde leita etter Sunniva. Dei kunne opplysa om at ho ikkje hadde vore på grusvegen 15 minutt tidlegare. I tillegg var det nokon som hadde oppdaga blod i ei steintrapp utanfor ein bustad like ved.

– Då skjøna eg at gjerningspersonen ikkje var langt unna, fortalde han.

Politibetjent Torbjørn Reiestad forklarte at han hadde gått på grusvegen like før funnet.

– Og då låg ikkje ho der. Det er eg hundre prosent sikker på, understreka han.

Kan bli straffa for klesvask

Måndag kom det òg fram at faren til den tiltalte i Varhaug-saka er tiltalt for å ha forsøkt å unndra bevis.

Faren er tiltalt etter paragraf 160 i straffelova, som mellom anna handlar om å påverka bevis. Dette har ei strafferamme på inntil to års fengsel.

Statsadvokat Oddbjørn Søreide opplyser til NRK at tiltalen går ut på at Varhaug-mannen vaska kleda til sonen morgonen etter drapet. Faren tørka også blod frå skaftet på ein hammar som han fann i huset. Denne hammaren brukte sonen til å drepa Sunniva Ødegård.

Frå vitneboksen fortalde faren at han stussa over blodet på kleda til sonen, men trudde først på forklaringa om at det kom frå ein slåstkamp med ein kamerat.

– Han sa at han hadde slåst med ein kamerat som hadde blødd naseblod, sa faren i retten.

Faren tenkte at det var for mykje blod på buksa til å vaska ho i vaskemaskina saman med resten av kleda. Han fekk derfor sonen til å spyla godt av buksa i badekaret først.

Litt etter oppdaga faren at han mangla hammaren sin. Han fann denne i sekken til sonen, og spurte den då 17 år gamle guten kva han hadde brukt hammaren til – sidan det var blod på skaftet.

– Eg hugsar ikkje heilt kva han svara til det, sa faren, som tenkte at hammaren kunne ha ein samanheng med slåstkampen sonen hadde fortalt om.

Blei med frivillig

Litt utpå dagen fann faren ut at sonen ikkje hadde slåst med den namngitte kameraten.

– Han sa då til meg at han hadde sykla på jenta etter at ho var død. Eg sa «stopp», og sa at «dette må du fortelja til nokon andre enn meg. Til politiet», fortalde faren.

Ikkje lenge etter ringde onkelen til den då 17 år gamle guten til politiet og sa at nevøen ville koma til Bryne for å forklara seg.

I bilen snakka dei to saman, og onkelen forstod etter kvart at det var snakk om drap.

– Tårene trilla. Eg spurte om det kom mange bilde nå. Han sa ja. Då sa eg at me sluttar, forklarte onkelen i retten.

Den nå 18 år gamle mannen vart ganske kjapt sikta av politiet, og har vore varetektsfengsla heilt sidan han melde seg som vitne 30. juli.

Såg tiltalte kvelden før drapet

Måndag spelte aktor òg av to videoopptak av tilrettelagde avhøyr.

Først var det kjærasten til Sunniva, som snakka med 13-åringen i telefonen då ho vart angripen på grusstien som går parallelt med jernbanesporet på Varhaug. Det har tidlegare kome fram i retten at dette var rundt klokka 22.45 søndag 29. juli.

– Ho sa «Oh, shit!» og så vart det heilt stille, fortalde ungguten.

Etterpå fekk retten sjå og høyra forklaring frå vennen til Sunniva som ho var på besøk hjå fram til cirka klokka 22.30. Han kunne mellom anna fortelja at han såg den drapstiltalte 18-åringen då han var ute på Varhaug saman med Sunniva søndag kveld, ein gong mellom klokka 18 og 20.

Artikkeltags